St.prp. nr. 64 (1998-99)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1999-2000

Til innhaldsliste

3 Opptaket til det einskilde universitet

3.1 Innleiing

Universiteta har vurdert behovet for opptaksregulering komande studieår på grunnlag av ein gjennomgang av den samla kapasiteten og ressurssituasjonen. Det er fremja forslag til opptakstal på dei einskilde fag eller fakultet. Universiteta skal mellom anna gjere greie for om det er hindringar med omsyn til personale, lokale eller driftsmidlar som set grenser for institusjonen sin opptakskapasitet. Dei er og bedne om å gjere greie for i kva grad det er mogleg å fordele om ressursar, der det er fag med ledig kapasitet.

Opptaksregulering til universiteta bør som før vere på fakultet-/avdelingsnivå og ikkje til det enkelte fag, dersom dei fleste faga under fakultetet har avgrensa kapasitet. Studentane søkjer normalt opptak til universiteta på fakultetsnivå og ikkje til det enkelte faget. Men sjølv om ramma for studentopptaket er tilpassa den samla ressursramma på fakultetet, vil det vere enkelte fag som er sterkt pressa som følgje av stor studenttilgang, absolutte ressursrammer i form av avgrensa utstyr, laboratorieplass og liknande, medan andre fag har betre kapasitet og i praksis kan ta imot alle kvalifiserte søkjarar.

Universitetet i Oslo har som i fjor foreslått regulering av allmennfakulteta, og departementet slutter seg til dette. Til tross for at departementet har redusert måltalet på HF- og SV-fakulteta på lågare grad, har styret foreslått å auke opptaksrammene på dei allmennvitskaplege fakulteta. Grunngjevinga er at dette er nødvendig for å sikre at dei kan fylle måltala frå St prp nr 1 (1998-99). Ein så stor opptakskapasitet kan føre til at fakulteta i praksis blir opne. Til studieåret 1998/99 tok UiO opp nesten 1 000 fleire studentar enn opptaksrammene.

Universitetet i Bergen har og foreslått regulering av allmennfakulteta, og grunngjevinga er i store trekk den same som for Universitetet i Oslo. Dei rammene som er fremja er om lag som tidlegare år, men for SV-fakultetet er den set til 700. Det er same ramme som i 1997, og 300 mindre enn det dei vurderte som opptakskapasiteten i 1998. Grunnen til dette er at måltalet på fakultetet vart meir enn oppfylt i 1998.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Tromsø har gjort framlegg om å halde opne alle allmennfakulteta på lågare grad og nesten alle på høgre grad. NTNU må regulere mange enkeltfag og emne på grunn av avgrensingar i lokale, utstyr, rettleiingskapasitet o l. Departementet har ikkje sett det som nødvendig å oppgi alle enkeltkurs med namn og rammer, men omtaler under kvart fakultet kva for type fag det gjeld, og kva som er grunngjevinga for reguleringa. Ved Universitetet i Tromsø må dei og regulere enkeltfag, men ikkje så mange som ved NTNU.

I 1998 vart det vedtatt å etablere 40 nye studieplassar til auka opptak i medisin som oppfølging av handlingsplan for helse- og omsorgspersonell. 34 av studieplassane er lagt til oppkjøp i utlandet inntil vidare. 6 av dei nye plassane vart lagt til UiTø frå hausten 1998, og det auka opptaket blir ført vidare i 1999. I brev til departementet har UiTø sagt at dei kan auke opptaket med ytterlegare 9 plassar frå hausten 1999 under føresetnad av ei generell styrking av driftsbudsjettet på 5 mill. kr og eit årleg driftstilskott for 9 plassar på om lag 1 mill. kr meir enn det som kjøp av 9 plassar i utlandet kostar. Departementet meiner at ein må sjå eit nytt opptak ved universitetet hausten 1999 på bakgrunn av den økonomiske styrkinga av universitetet som vart gjennomført i 1998 og 1999. I revidert nasjonalbudsjett for 1998 vart det gitt ei ekstra tildeling på 4,5 mill. kr for å oppretthalde opptakskapasiteten i medisinutdanninga ved UiTø. Denne vart auka til 6 mill. kr og lagt inn i universitetet si ramme i 1999. I revidert nasjonalbudsjett for 1998 vart det og gitt ei engongs utstyrstildeling til prioriterte fagområde på 11 mill. kr. I samband med det auka opptaket i 1998 vart det gitt løyve til å starte arbeidet med ei ny undervisningsfløy ved regionsjukehuset i Tromsø innanfor en ramme på 40 mill. kr. Departementet meiner på denne bakgrunn at eit auka opptak på medisinutdanninga i Tromsø bør kunne skje med dei ressursar som er tilgjengelege gjennom omdisponering frå kjøp av studieplassar i utlandet. Departementet har i brev til universitetet i Tromsø av 28.4.99 gitt tilbod om eit auka opptak på 9 plassar, innanfor ei årleg økonomisk ramme på 1,35 mill. kr.

NTNU har ansvar for å forvalte oppkjøp av i alt 94 medisinplassar i utlandet. Det vil bli vurdert om inntil 10 av desse plassane kan leggjast til opptak ved NTNU frå hausten 1999.

Ved UiTø og NTNU er det eit samarbeid i gang med regionsjukehusa om utviding av universitetsklinikkane. Det er og eit arbeid i gang for å starte opp igjen universitetsfunksjonen ved SiA i samarbeid med UiO. Det er spesielt viktig å auke kapasiteten i Tromsø for å sikre fleire legar i landsdelen.

3.2 Merknader til tabellane om opptaksrammer

Fakulteta er opne der dei ikkje med samtykke frå Stortinget har avgrensa opptaket av omsyn til kapasitets- og ressurssituasjonen. Tabellane om opptak til dei enkelte universiteta viser dei avgrensingane som ligg føre på det enkelte fakultet. Ved fleire opne fakultet er det likevel vist til at det er enkeltstudium, fag eller fagemne som er adgangsregulerte på grunn av avgrensa kapasitet. Høgre grad omfattar både hovudfag og mastergradstudium.

3.3 Universitetet i Oslo

Kollegiet ved Universitetet i Oslo har 6. april gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for studium av lågare grad, for høgre grad og for profesjonsstudium. Berre profesjonsstudiet og lågare gradsstudium ved Det teologiske fakultetet er utan regulert opptak. Som i 1998 har universitetet vedtatt å regulere opptaket til dei allmennvitskaplege fakulteta, men med noko høgre rammer på lågare grad av di fråfallet under studiet har auka, jf generell omtale av endring i studiemønster under 3.2 ovanfor. På bakgrunn av tilråding frå kollegiet vil departementet foreslå dei avgrensingane som går fram av tabell 3.1 på neste side.

Tabell 3.1 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJurTeoMedOdontUV
Profesjonsstudium-7263300ope18089835
Lågare grad168014051305690ope60-525
Høgre grad727513605204514010128

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

I St prp nr 1 (1998-99) er måltalet for studentar totalt ved fakultetet noko redusert. På grunn av auka fråfall frå studia, vil universitetet likevel auke opptaksramma for lågare grad med 160 plassar for studieåret 1999/2000. Studia på lågare grad får ei total opptaksramme på 1680 plassar.

Det er omdisponert nokre studieplassar frå høgre grad på HF til hovudfagstudiet i informatikk på MN-fakultetet.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Opptaksramma for profesjonsstudiet i psykologi er 72, og det er det same som i 1998.

I St prp nr 1 (1998-99) er måltalet for studentar redusert. Fakultetet har likevel valt å auke opptaksrammene med 145 plassar for å nå måltalet på lågare grad for studieåret 1999/2000. Dette gir ei total opptaksramme på lågare grad ved fakultetet på 1405 studentar.

På hovudfag vil universitetet regulere alle fag på grunn av avgrensa kapasitet. Det er omdisponert nokre studieplassar frå høgre grad SV til informatikkstudiet på MN.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Opptaksramma for profesjonsstudiet i farmasi vart auka med 8 plassar i revidert nasjonalbudsjett i 1998. Den auka ramma på 63 plassar blir ført vidare for studieåret 1999/2000.

I St prp nr 1 (1998-99) er måltalet for lågare grad litt redusert. For å nå måltalet for fakultetet, vil universitetet likevel auke opptaksramma med 95 plassar. Total opptaksramme for studium på lågare grad ved fakultetet blir sett til 1305 plassar.

Auken i opptaksramma for hovudfag frå 560 til 605 gjeld i hovudsak informatikk. Det er omdisponert studieplassar frå dei andre fakulteta for å vidareføre det auka opptaket på informatikkstudiet i studieåret 1999/2000.

Det juridiske fakultet

Den nye studieordninga frå 1996 er basert på ein grunndel med to grunnfag og ein profesjonsdel. Det er fleire studentar som har studierett enn den nye studieordninga er dimensjonert for, mellom anna av di det er fleire studentar frå andre fakultet som vil ta juss som siste delen av cand.mag.-graden. Universitetet meiner derfor det er nødvendig med ei opptaksramme på 500 plassar på grunndelen for å kunne gi eit studietilbod av god kvalitet. Dei resterande 190 plassane på lågare grad gjeld kriminologi.

Opptaksramma til profesjonsdelen er sett til 300.

Opptaksramma for høgre grad blir ført vidare med 20 plassar.

Det teologiske fakultet

Profesjonsstudiet og studium av lågare grad blir haldne opne, for studium av høgre grad er rammene lik føregåande år.

Det medisinske fakultet

Opptaksramma for profesjonsstudiet i medisin blir den samme som i fjor. På grunn av ny studieordning blir det ikkje lenger opptak til profesjonsstudium i sjukepleievitskap, jf ramme for høgre grad.

På lågare grad blir rammene dei same som i fjor.

På høgre grad er det ein auke i rammene på grunn av nytt hovudfag i sjukepleievitskap og nytt mastergradstudium.

Det odontologiske fakultet

Ramma for profesjonsstudia er ført vidare frå i fjor og gjeld 65 plassar i odontologi og 24 i tannpleiarutdanning.

Ramma for spesialistutdanning og mastergradstudium blir og ført vidare med 10 plassar.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Ramma for profesjonsstudia er auka med 25 plassar frå 1998.

Opptaksramma på lågare grad er den samme som i fjor.

Opptaksramma for hovudfag er noko redusert på grunn av omdisponering til MN-fakultetet.

3.4 Universitetet i Bergen

Kollegiet ved Universitetet i Bergen har 25. februar gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for studium av lågare grad, høgre grad og profesjonstudium for studieåret 1999/2000. Kollegiet foreslår å regulere dei allmennvitskaplege fakulteta, men med dei rammene som universitetet har vurdert som nødvendige for å nå måltala som er set i St prp nr 1 (1998-99). På grunnlag av tilråding frå kollegiet foreslår departementet dei avgrensingane som går fram av tabell 3.2.

Tabell 3.2 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJurMedOdontPsyk
Profesjonsstudium---22515069354
Lågare grad105070060036045-250
Høgre grad299260320-597-

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

I St prp nr 1(1998-99) er måltalet for studentar på lågare grad redusert. I tillegg er universitetet bedt om å omdisponere plassar frå lågare grad ved lågare prioriterte utdanningar til studieplassar på høgre grad innan IT-utdanning. Universitetet ønskjer likevel å setje ei opptaksramme for fakultetet som er på 50 plassar meir enn den ramma departementet fremja i St prp nr 71 (1997-98). Studia på lågare grad får då ei total opptaksramme på 1050 studieplassar.

Ramma for studium på høgre grad er om lag den same som i 1998.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Universitetet viser til at talet på studentar ved fakultetet har halde seg stabilt, til tross for at opptaket i 1998 var noko under 700 studentar. I tillegg har departementet redusert måltalet på studentar på lågare grad i St prp nr 1 (1998-99). Kollegiet ønskjer å regulere opptaket på lågare grad med ei ramme på 700 studieplassar. Dette er 300 plassar mindre enn det departementet fremja i St prp nr 71 (1997-98).

Opptaksramma på 260 på hovudfag er om lag den same som i 1998.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Talet på registrerte studentar på lågare grad ligg noko under måltalet. Dette kan dels forklarast ut frå endringar i definisjonane for hovudfagstudentar og dels i eit høgare fråfall. Det er kollegiet si vurdering at opptaksramma må ligge på 600 for nå måltalet.

Opptaksramma på hovudfag blir auka til 320 studieplassar.

Det juridiske fakultet

Ramma for 2. avdeling på profesjonsstudiet blir auka frå 200 til 225 for å kompensere for auka fråfall. Fakultetet ønskjer sjølv ein reduksjon i måltalet i åra framover for å betre ressursinnsatsen for kvar student.

Opptaksramma for 1. avdeling blir auka til 300 plassar, medan ramma for grunnfag i offentleg rett blir ført vidare med 60 plassar.

Det medisinske fakultet

Opptaksrammene for profesjonsstudiet i medisin og til grunnfag i sjukepleievitskap blir ført vidare med 150 og 45 plassar.

Opptaksramma for høgre grad blir sett til 59.

Det odontologiske fakultet

Opptaksramma på profesjonsstudiet blir ført vidare med 69 plassar, fordelt på 48 i odontologi og 21 i tannpleiarstudiet.

Ramma for høgre grad blir auka frå 4 til 7 på grunn av auka forventa uteksaminering.

Det psykologiske fakultet

Til profesjonsutdanninga i psykologi blir det ført vidare ei opptaksramme på 72 plassar, fordelt med 36 i kvart semester. For det praktisk-pedagogiske studiet blir og ramma ført vidare med 190 plassar. Studia i arbeidslivs- og organisasjonspsykologi med 80 plassar (40 heilårsekvivalentar) og vidareutdanning i barnevern med 12 plassar, blir og ført opp under profesjonsstudia og gjer at den totale ramma blir auka frå 262 til 354.

Fakultetet har langt fleire studentar på lågare grad enn måltalet tilseier, da mange studentar ved HF- og SV-fakulteta tar psykologi grunnfag som del av cand.mag.-grad. Det er derfor nødvendig å føre vidare ei ramme for det eksterne opptaket til grunnfag i psykologi på 250 plassar.

3.5 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Kollegiet ved NTNU har i møte 25. mars gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for profesjonsstudium, studium på lågare grad og hovudfagstudium. Kollegiet har vedtatt at dei allmennvitskaplege studia ved NTNU framleis skal vere opne, men med regulering av ei rekkje enkeltfag og emne. Departementet har slutta seg til forslaga frå kollegiet og foreslår dei rammene som går fram av tabell 3.3 ovanfor.

Tabell 3.3 Opptaksrammer for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Fakultet
FagHFSVTFIMKBPLUMedisinTekn.fag
Profesjonstudium4048430184**1585
Lågare gradope*ope*opeope*--
Høgre gradope*ope*ope*ope*--65

* Nokre fag er opptaksregulerte (sjå omtale under kvart fakultet)

** 94 plassar gjeld oppkjøp av studieplassar i utlandet, i tillegg til 90 studieplassar ved NTNU

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet (HF)

Avgrensinga på profesjonstudia gjeld ei ramme på 40 plassar til Musikkonservatoriet.

På lågare grad må opptaket til fleire enkeltemne innafor film, teater, fotografi og musikk regulerast, da det er avgrensa ressursar til obligatoriske delar av undervisninga.

På hovudfag meiner kollegiet ein må regulere opptaket på desse faga: allmenn litteraturvitskap, arkeologi, filmvitskap, filmvitskap med vekt på produksjon og medievitskap. Reguleringa er grunna i avgrensa kapasitet på obligatoriske øvingar. Resten av fakultetet er ope.

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologistyring (SVT)

Avgrensinga på profesjonsstudiet gjeld 48 plassar på psykologistudiet og det er same ramme som i 1998. Det blir tatt opp 24 studentar til haustsemesteret og 24 til vårsemesteret.

På lågare grad vil det vere regulert opptak til fleire fag/emne i geografi, idrett, pedagogikk, psykologi, sosiologi og statsvitskap. Avgrensingane er set ut frå ressurskrav knytte til obligatoriske øvingar og semesteroppgåver med rettleiar.

På høgre grad finn kollegiet det nødvendig å sette opptaksrammer for desse faga: førskolepedagogikk, geografi, helsefag, idrettsvitskap m/ studieretning rørslevitskap, pedagogikk, sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi, sosialt arbeid, sosialøkonomi, spesialpedagogikk og psykologi. Avgrensingane er gjort ut frå manglande rettleiingskapasitet. Fag ved fakultetet elles er opne.

Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk (FIM)

Kollegiet vedtok at alle fag og studium på lågare grad skal vere opne. Dette vedtaket er gjort med bakgrunn i tal for opptaket siste år. Departementet sluttar seg til kollegiet sitt forslag.

På høgre grad foreslår departementet ei ramme på 20 plassar på hovudfag informatikk, fordelt med 10 i haustsemesteret og 10 i vårsemesteret. Andre hovudfag er opne.

Fakultet for kjemi og biologi (KB)

På lågare grad kan det vere nødvendig å regulere fleire enkeltemne i kjemi, biokjemi, mikrobiologi og biologi. Reguleringa er grunna i avgrensa laboratoriekapasitet og knappe ressursar til timeundervisning.

På høgre grad blir det sett opptaksrammer på hovudfaga i botanikk og zoologi. Hovudfaga i kjemi og biodiversitet er opne. Reguleringa er grunna i avgrensa kapasitet til rettleiing.

Program for lærarutdanning (PLU)

Til den praktisk-pedagogiske utdanninga er det eit opptak til 200 plassar på PPU1 hausten 1999 og 180 plassar på PPU2 vår 2000. I tillegg er det ei ramme på 50 plassar på PPU for yrkesfag og allmennfag. Det er ei lita auke frå 1998.

Det medisinske fakultet

Kollegiet har ved ei forgløyming ikkje fremja noko opptaksramme for medisinstudiet. Departementet set ei ramme på 90 plassar på profesjonsstudiet i medisin etter samtale med NTNU. Dette er same ramme som i fjor, jf omtale under 3.1.

Teknologiske fag

Opptaksrammene for profesjonsstudia gjeld 1515 plassar på sivilingeniørstudiet, medrekna 15 plassar i nautikk der det er opptak berre anna kvart år. I tillegg kjem 70 plassar på sivilarkitektstudiet. Det blir derfor den same ramma som i 1998.

På høgre grad er det sett ei ramme på 65 plassar til ulike Master of Science-studium.

3.6 Universitetet i Tromsø

Styret ved universitetet i Tromsø har i møte den 18. mars gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for studium på lågare grad, hovudfagstudium og profesjonsstudium. Styret sitt vedtak er at opptaket til dei fleste studium av lågare grad ikkje treng regulerast komande studieår. Departementet slutter seg til forslaget og foreslår dei avgrensingane som går fram av tabell 3.4 nedanfor.

Tabell 3.4 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium-24556012045113
Lågare gradopeope*ope90ope*ope*ope*
Høgre gradope180ope*--ope*60

* Nokre fag er opptaksregulerte (sjå omtale under kvart fakultet)

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

Styret foreslår at alle studium, både på lågare og høgre grad, framleis skal vere opne. Fakultetet hadde ei auke i studenttalet frå 1997 til 1998 på grunn av auka satsing på desentraliserte studium. Denne satsinga vil halde fram.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Styret foreslår å føre vidare opptaksramma på 24 plassar på profesjonsstudiet i psykologi.

Fag på lågare grad blir opne, med unntak for arkeologi og for semesteremne i EDB for humaniora/samfunnsfag.

For hovudfag foreslår styret å opptaksregulere følgjande fag: arkeologi, filosofi, historie, pedagogikk, planlegging, religionsvitskap, sosialantropologi, sosiologi, statsvitskap og «master of visual anthropology». Dette er om lag dei same studia som i 1998, men med nokre endringar. Reguleringa har bakgrunn i avgrensa ressursar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For opptak til profesjonsstudia foreslår styret å auke ramma til 55 plassar. Dette gjeld 18 plassar innan IT-fag, og blir fordelt på 8 plassar på sivilingeniørstudiet i fysikk og 10 på informatikk.

Alle fag på lågare grad er opne.

Opptaket til høgre grad er ope, med unntak for informatikk.

Det juridiske fakultet

Styret foreslår å vidareføre opptaksrammene for både lågare grad og profesjonsstudiet.

Universitetet sitt kompetansesenter for lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og fjernundervisning (UNIKOM)

Ramma for profesjonsstudium gjeld 120 plassar på praktisk-pedagogisk utdanning.

På lågare grad blir følgjande fag regulert: bedriftsutvikling, bedriftskompetanse, prosjektstyring, prosjektleiing og rettleiingspedagogikk. Reguleringa blir gjort på grunn av avgrensa undervisningslokale og undervisningskrefter. I 1998 var alle fag på lågare grad opne.

Noregs fiskerihøgskole (NFH)

Styret foreslår å føre vidare opptaket til fiskerikandidatstudiet med ei ramme på 45 plassar.

Fag på lågare grad er opne, med unntak for opptak til akvatisk biodiversitet og topp predatorar.

Fag på høgre grad er opne, med unntak for hovudfag i sosialøkonomi og mastergradstudia.

Det medisinske fakultet

Opptaksramma for profesjonsstudia er sett til 113 plassar. Dette gjeld 76 plassar i medisin, 27 plassar i farmasi og 10 plassar i sivilingeniør bioteknologi. Dette er ei vidareføring av auken i opptaket på 6 plassar i medisin og 7 plassar i farmasi frå 1998, jf omtale under 3.1.

Fag på lågare grad er opne, med med desse unntaka: generell fysiologi, bioteknologiske arbeidsmetodar, elektronmikroskopisk teknikk, biokjemi/biokjemi laboratoriedel, fermentering, proteinreinsking, bioteknologi og klinisk mikrobiologi. Opptaksreguleringa er grunna i liten laboratorie- og utstyrskapasitet. Dette er om lag dei same reguleringane som i 1998. Studiet i medisin grunnfag som hadde ei ramme på 100 i 1998, er ope i 1999.

Opptaksramma på høgre grad er set til 60 plassar. Ramma for hovudfag i helsefag er auka frå 10 til 20 plassar.

3.7 Oppsummering

Styra ved universiteta foreslår avgrensingar i opptaket til dei enkelte fakultet. Reguleringane er ei følgje av avgrensa kapasitet og ressursar. Departementet meiner det er nødvendig å gjennomføra avgrensingane for å ta i vare kvalitetskrav ved universiteta. Departementet foreslår rammer for opptaket ved dei allmennvitskaplege fakulteta ved universiteta i Oslo og Bergen, i tråd med det som styra har foreslått. Ved NTNU og Universitetet i Tromsø blir det foreslått at dei allmennvitskaplege fakulteta er opne, men med regulering av enkeltfag som har avgrensingar som følgje av spesifikke krav til lokale, utstyr, feltøvingar, praksis og anna.

På dette grunnlaget foreslår departementet desse opptaksrammene for studieåret 1999/2000:

Tabell 3.5 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJurTeoMedOdontUV
Profesjonsstudium-7263300ope18089835
Lågare grad168014051305690ope60-525
Høgre grad727513605204514010128

Tabell 3.6 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJurMedOdontPsyk
Profesjonsstudium---22515069354
Lågare grad105070060036045-250
Høgre grad299260320-597-

Tabell 3.7 Opptaksrammer for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Fakultet
FagHFSVTFIMKBPLUMedisinTekn.fag
Profesjonstudium4048430184**1585
Lågare gradope*ope*opeope*--
Høgre gradope*ope*ope*ope*--65

* Nokre fag er opptaksregulerte (sjå omtale under kvart fakultet)

** 94 plassar gjeld oppkjøp av studieplassar i utlandet, i tillegg til 90 studieplassar ved NTNU

Tabell 3.8 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium-24556012045113
Lågare gradopeope*ope90ope*ope*ope*
Høgre gradope180ope*--ope*60

* Nokre fag er opptaksregulerte (sjå omtale under kvart fakultet)