St.prp. nr. 64 (2006-2007)

Utbygging av Gjøa, Vega og Vega sør

Til innhaldsliste

2 Høyring av konsekvensutgreiinga for utbygging av Vega og Vega sør

Program for konsekvensutgreiing for Vega og Vega sør vart fastsett av Olje- og Energidepartementet 11. juli 2006. Hydro utarbeidde vidare konsekvensutgreiinga som blei sendt på offentleg høyring 8. oktober 2006 med frist 22. desember 2006. Nedanfor følgjer ei oppsummering av merknader frå høyringsinstansane.

Generelle kommentarar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har innhenta fråsegn frå Petroleumstilsynet (Ptil), som ikkje har merknader til konsekvensutgreiinga. Ptil viser til at avklaringsspørsmål i samband med helse- og tryggingsspørsmål vil bli tatt opp med Hydro i samband med handsaminga av plan for utbygging og drift for verksemda.

OD seier at sidan driftsutsleppa til luft og sjø skjer på Gjøa, har dei ikkje kommentarar utover dei som allereie er oversendt til Statoil for Gjøa.

Kommentar frå Hydro:

Hydro viser til Statoil sine kommentarar til høyringsfråsegn til konsekvensutgreiing for Gjøa.

Utslepp til sjø og luft

Sogn og Fjordane fylkeskommune og HAFS-regionråd ber om at beste tilgjengelege teknologi blir nytta for å minimalisere påverknaden i høve til forsuring og skade frå akutte så vel som regulære utslepp.

MD viser til deira høyringsfråsegn for Gjøa som dei ser som gjeldande også for Vega. Dei meiner den valte løysinga for reinsing av utslepp til sjø (EPCON) ikkje er tilstrekkeleg i tråd med nullutsleppsmålet.

Havforskingsinstituttet forventar at utbyggar blir pålagt å gjennomføre overvaking for å dokumentere at utsleppa til sjø frå boring og produksjon ikkje medfører negativ påverknad på miljøet utover nærsona til boreposisjonane. Dei viser til deira fråsegn for konsekvensutgreiing for Gjøa og bed om at produsert vatn bli injisert, dersom dette er den beste løysinga for eit totalt miljørekneskap.

Norges Fiskarlag meiner at null fysiske utslepp også bør være eit krav i sør. Ettersom styresmaktene ikkje har vist vilje til å innføre dette, bør Norsk Hydro leggje vinn på å minimalisere utslepp til sjø gjennom bruk av best tilgjengeleg teknologi.

SFT vurderer konsekvensutgreiinga til Vegafeltet til å dekkje dei viktigaste elementa når det gjeld ytre miljø. Dei ser likevel på skildringa for val av borerigg som mangelfull.

Kommentar frå Hydro:

Det vil ikkje vere miljøskadelege utslepp til sjø frå bore- og installasjonsfasen for Vega.

Beste tilgjengelege teknologi (BAT) vil bli nytta for utbygginga, og medverkar til at miljøkonsekvensane vil vere minimale. Det er lagt stor vekt på å designe for minimal bruk av kjemikaliar og å unngå utslepp av kjemikaliar.

Det er vist i konsekvensutgreiinga at miljøkonsekvensane som følgje av utslepp av produsert vatn frå Vega vil vere ubetydelege. Mengdene produsert vatn frå Vega er små (inntil 10 m3 /d produsert vatn og 100 m3 /d kondensert vatn, noko som utgjer 1 -5 pst. av den planlagde vassmengda slept til sjø frå Gjøa). Følgjeleg kan den valde løysinga bli rekna for å vere i tråd med målsetjinga om null miljøskadelege utslepp. Miljøovervaking av utslepp til sjø vil bli gjennomført i samsvar med aktivitetsforskrifta. Konsekvensar av utslepp av produsert vatn frå Vega, er inkludert i vurdering av utslepp av produsert vatn frå Gjøa. Hydro viser til kommentar frå Statoil om utslepp til sjø i konsekvensutgreiinga for Gjøa.

Den berekna miljørisikoen for akutte utslepp frå Vega og Vega sør ligg godt innafor akseptkriteria til Hydro.

Ein omfattande kvalifiseringsprosess ligg til grunn for val av boreriggar i Hydro, der det er krevd at boreriggen har eit HMS-styringssystem som tilfredsstiller krav frå styresmaktene. Vidare må boreriggane vise til at dei har ei samsvarsfråsegn (SUT) frå Petroleumstilsynet. Hydro har eit ansvar for å overvake og følgje opp utslepp frå hendingar på boreriggane. For Vega er det avgjort å nytte boreriggen Bideford Dolphin som Hydro har brukt lenge og som Hydro har god erfaring med. Denne nyttar ikkje låg-NOx teknologi.

Utslepp til luft frå borefasen er i konsekvensutgreiinga inkludert i dei samla utsleppa i utbyggingsfasen, og utgjer ca ¾ av dei oppgitte utsleppa for installasjons- og borefasen. Desse samla utsleppa av CO2 , NOx og SO2 er høvesvis 0,09 pst., 0,5 pst. og 0,15 pst. av prognose/måltal for nasjonale utslepp i 2009. Når det gjeld utslepp til luft og mogleg forsuring i driftsfasen er det vist til kommentarar til konsekvensutgreiinga for Gjøa .

Konsekvensar for sjøfugl og organismar på havbotn

Direktoratet for naturforvaltning peikar på at deira fråsegn til konsekvensutgreiing for Gjøa også gjeld for konsekvensutgreiing for Vega. Dei meiner at konsekvensar for sjøfugl er for lite vektlagt, og bed om at andre sårbare botnhabitat, som svampar, får den merksemda som er naudsynt.

SFT meiner at utbyggar må ivareta omsyn til organismar på botn ved val av leggjing av røyr, samt at ei oppdatert analyse av beredskapsbehova blir gjennomført for å synleggjere eventuelle auka systembehov.

Havforskningsinstituttet forventar at naturressursar langs røyret blir kartlagt grundig og skildra, og at ein prøver å finne ein trasè der eventuelle sårbare ressursar ikkje blir skada.

MD bed om at dersom førekomstar av korallar blir identifisert, må Direktoratet for naturforvaltning bli kontakta i tillegg til Havforskningsinstituttet, og at avbøtande tiltak blir vurdert.

Kommentar frå Hydro:

Det er ikkje sannsynleg med tapsdelar på over 1 pst. av nasjonale bestandar for nokon av sjøfuglartane i området. Denne konklusjonen går fram av ei grov overlappsanalyse med utbreiing av sårbare fugle­artar.

Området er skildra i Regional konsekvensutgreiing (RKU) for Nordsjøen frå 1999 og 2006 (som har vore på høyring med frist 1. april 2007). Røyret vil krysse eit område som ikkje er rekna for å vere særleg sårbart. Erfaringar frå tidlegare prosjekt viser at skade på naturressursar som følgje av installasjon av røyret vil vere lokale, kortsiktige og avgrensa. Operatøren kjenner ikkje til at korallar eller svampar er registert i samband med andre prosjekt i området. Det er gjennomført undersøking av havbotn med fjernsynt undervassfarkost over den planlagde trasèen for røyret. Her er det ikkje oppdaga korallar eller svampar. Hydro tek kommentaren frå Miljøverndepartementet til følgje.

Det er ikkje avgjort om røyret vil bli lagt ved hjelp av ankerbasert eller dynamisk posisjonert fartøy. Det er eit avgrensa tal tilgjengelege leggjefartøy. Det er heller ikkje sikkert at det er rett å prioritere bruk av dynamisk posisjonert leggjefartøy fordi området har ein robust fauna på havbotn og relativt låg fiskeriaktivitet. Hydro og SFT har i tillegg eit sams mål om å minke volumet for grusdumping. I samband med fiskeriaktivitet og røyret sin integritet er det likevel viktig å unngå frie spenn.

Beredskap ved akutt forureining

SFT meiner at utbyggar må gjennomføre ei oppdatert analyse av beredskapsbehova for å synleggjere eventuelle auka systembehov samt ha ein dekkjande beredskapsplan før aktivitetane startar. SFT informerer om at dei kan stille spesifikke krav til beredskap i samband med ein søknad om løyve til verksemd i medhald av forureiningsloven § 40 jf. Aktivitetsforskrifta § 64.

Kommentar frå Hydro:

Det vil bli utført ei oppdatert analyse for å vurdere om det er naudsynt å utvide områdeberedskapen i området Troll-Oseberg i samband med utbygging av Vega og Gjøa. Med bakgrunn i denne analysen vil det i god tid før oppstart av aktivitetane bli etablert ein beredskapsplan for utbyggings- og driftsfasen.

Fiskeriverksemd

Sogn og Fjordane fylkeskommune og HAFS-regionråd påpeikar at det må leggjast stor vekt på å minimalisere skadeverknadene for fiskeria. Installasjonar må plasserast slik at dei ikkje hindrar fiske.

Havforskningsinstituttet forventar at Fiskeridirektoratet vurderer i kva omfang botnrammer og røyret med eller utan overdekning kan ha for utøving av fiske i området. Fiskeridirektoratet anbefaler bruk av dynamisk leggjefartøy for å unngå ankermerke.

Norges Fiskarlag ventar at inspeksjonar blir føretatt etter at røyret er lagt for å sikre at det ikkje er frie spenn som kan medføre risiko for flåten.

Kommentar frå Hydro:

Området der utbygginga skjer, har relativt avgrensa fiskeriaktivitet. Vega og Gjøa ligg på høvesvis 380 og 360 meter havdjup, og konsumtrålfiske etter torskefisk føregår i eit lite omfang på desse djupa. Det vil vere eit mål å unngå frie spenn og grusfyllingar så langt som mogleg innafor teknisk og økonomisk forsvarlege rammer. Installasjonar og røyr vil bli prosjektert for å tåle overtråling. For driftsfasen er det difor ikkje forventa at utbygginga får konsekvensar for fiskeriaktivitetane.

Ein inspeksjon vil bli gjort etter at røyret er lagt for å vurdere om tilstrekkeleg sikring er gjort. Det vil i tillegg bli lagt opp eit inspeksjonsprogram når røyret er i drift med periodevis overvaking av røyret for å vurdere behov for å redusere omfanget av frie spenn.

Kraft frå land

Sogn og Fjordane fylkeskommune og HAFS-regionråd meiner at straumforsyning til prosjektet skal bli henta frå Lutelandet.

Kommentar frå Hydro:

Vega og Vega sør knyter seg til Gjøa på kommersielt grunnlag og nyttar seg av infrastrukturen som rettshavarane i Gjøa har valt. Hydro viser difor til vurderingane som er gjort for Gjøaprosjektet.

Eksportløysing

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Industri Energi og HAFS-regionråd meiner at brønnstraumen bør bli ført til Lutelandet for prosessering. Industri Energi meiner vidare at eksportløysinga bryt med prinsippet om ilandføring av rikgass til Noreg.

Hordaland fylkeskommune sitt syn er at ei samkøyring av kapasitetsutvidinga på Kollsnes og utbygginga av Gjøa og Vega er ei meir rett og naturleg utbyggingsløysing for dei tre prosjekta. Dei bed om at denne løysinga blir vurdert nærare.

Kommentar frå Hydro:

Vega er ei mindre utbygging med marginal økonomi, som er avhengig av å kunne nytte seg av annan infrastruktur i nærområdet for prosessering og eksport. Å gjere greie for ilandføring av Vega åleine til Lutelandet har difor ikkje vore aktuelt.

Konseptutvalet for Vega er gjort basert på eit kommersielt tilbod frå Gjøa, som inneber ei felles transportløysing valt av Gjøa. I vurderinga av transportløysingar for gass frå Vega og Gjøa viste analysane at det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet i det eksisterande norske gasstransport- og prosesseringssystemet. Ei ilandføring til Kollsnes eller Kårstø vil difor føre med seg store investeringar for ei kortsiktig utnytting på same tid som det er tilstrekkeleg kapasitet i det britiske transportsystemet. Det blir elles vist til kommentarar frå Statoil til konsekvensutgreiing for Gjøa.

Driftsorganisasjon og baser

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Industri Energi meiner at driftsorganisasjonen for Vega bør leggjast til Florø. Forsyning av utstyr bør bli sendt frå basen i Florø og lagring og vedlikehald bør skje i Florø. Vidare meiner dei at alt personell bør bli frakta ut til feltet frå lufthamna i Florø.

Kommentar frå Hydro:

I driftsfasen vil driftsorganisasjonen vere svært liten, og det er naudsynt å samordne drifta og bruk av personellressursar med andre einingar i driftsorganisasjonen til Hydro i Bergen.

Hydro har gjennom mange år arbeidd for eit effektivt og rasjonelt logistikksystem, knytt til basen på Mongstad, og det er lagt til grunn at utbygging av Vega skal inngå i det same systemet. I samband med boreforsyning, utgjer forings- og produksjonsrøyr til brønnen ein vesentleg del. Dette er røyr som blir sendt sjøvegen frå Japan, og blir mellomlagra på Mongstad for alle operasjonane til Hydro. Ettersom distansen å segle til Vega frå Florø og Mongstad er nokså lik, er det mest effektivt at røyra blir sendt direkte frå Mongstad. Forsyningsfartøya vil på same tid frakte med seg bulkprodukt og anna utstyr det er behov for. Mykje av verktøyet som blir nytta til sjølve boringa kjem frå leverandørar på sørvestlandet, og blir sendt med lastebil til og frå basen på Mongstad, noko som gjev kortare leveringstid og lågare kostnadar enn eit alternativ i Florø.

Hovudgrunngjevinga for å ikkje velje Florø som helikopterbase i den om lag 17 månader lange boreperioden, er at dei aller fleste reisande til og frå boreriggen kjem frå andre delar av landet, og må nytte fly til helikopterterminalen. Bergen har eit betre flytilbod til alle delar av landet enn det Florø har, noko som fører til kortare reisetid og lågare reisekostnader. I tillegg har Bergen seks gongar fleire helikopteravgangar enn Florø, som gjev grunnlag for meir fleksible løysingar og betre kapasitetsutnytting av helikopterflåten. Fordelane ved denne løysinga veg tyngre enn meirkostnadene ved at helikopterturen blir noko lengre ved flyging frå Flesland.

Vega er som nemnd tidlegare ei lita utbygging med marginal økonomi, og det er difor gjeve vilkår om at felles lager- og vedlikehaldsteneste med andre felt i operatørporteføljen til Hydro blir nytta. Hydro har etablert eit sams lager og vedlikehaldssenter på Mongstad i nær tilknyting til leverandørane våre. Senteret samordnar vedlikehaldskampanjane til Hydro og bruken av vedlikehalds- og intervensjonsutstyr. Sidan undervassutstyret på Vega og Gjøa i utgangspunktet blir bygd for å tilfredsstille svært ulike funksjonskrav, som til dømes trykk og temperatur, kan ein heller ikkje vente det er von for synergiar på reservedelar, sjølv om same leverandør skulle bli valt .

Til forsida