St.prp. nr. 66 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007–2013)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerda i EØS-komiteen vil innehalde ei innleiing og tre artiklar, med sikte på deltaking for EØS-EFTA-statane i finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007– 2013). I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å vedta endringar av vedlegga til avtala.

Artikkel 1 i utkastet slår fast at artikkel 10 i protokoll 31 i EØS-avtala får eit tillegg om at avtala òg skal omfatte rådsvedtak nr. 162/2007/EF av 5. mars 2007 om finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke meldingar frå alle partane i komiteen i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.