St.prp. nr. 66 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007–2013)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1 .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte rådsvedtak 2007/162/EF, Euratom av 5. mars 2007 om fastsetjing av ei finansierings­ordning for sivil krisehandtering 2 .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I artikkel 10 nr. 8 i protokoll 31 til avtala, etter bokstav b), skal ny bokstav c) lyde:

  • «c Fellesskapsrettsakter som får anvendelse fra 1. januar 2007:

    • 32007 D 0162 : Rådsvedtak 2007/162/EF, Euratom av 5. mars 2007 om fastsetjing av ei finansierings­ordning for sivil krisehandtering (EUT L 71 av 10.3.2007, s. 9).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...]

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 71 av 10.3.2007, s. 9.

3.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]