St.prp. nr. 66 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli.

Ved oppgjera per 1. juli 2007 blei det gjeve tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 1,8 prosent for legane, 1,8 prosent for fysioterapeutane og 3,0 prosent for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå den same datoen.

Dei respektive organisasjonane og staten, KS og dei regionale helseføretaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2008 – 30. juni 2009. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og basistilskot/driftstilskot med 7,6 prosent, for fysioterapeutane ein auke med 8,1 prosent og for psykologane ein auke med 6,8 prosent. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2008. Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 2008, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Eigendelane blir ikkje endra ved dette oppgjeret. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.