St.prp. nr. 67 (2002-2003)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

2.1 Kompetansesenteret Nordian AS

I samband med avviklinga av Statens trafikkflygarskole på Torp i 1991 blei det oppretta eit trenings- og kompetansesenter for flygarutdanning. Ved opprettinga av senteret var det m.a. eit vilkår at drifta skulle finansierast ved brukarbetaling. Senteret blei i 1997 lagt inn under Nordic Aviation Resources AS (NAR) som var eigd av Luftfartsverket. NAR dreiv ei tid ein flyskole i samarbeid med North American Institute of Aviation. Instituttet kjøpte seinare flyskolen.

Økonomi og drift av kompetansesenteret blei omtalt i St.prp. nr. 60 (2001-2002). Luftfartsverket hadde gjort framlegg om å selje verksemda. Samferdselsdepartementet hadde i proposisjonen ikkje innvendingar til dette. Det blei i proposisjonen elles gjort greie for Samferdselsdepartementets arbeid med å styrkje kompetansen i utdanninga av trafikkflygarar og å få utdanninga offentleg godkjend i høve til lov av 11.07.1986 nr. 53 om eksamensrett for og statstilskot til private høgskolar.

Luftfartsverket har i dei siste åra overført etter måten store ressursar til drifta av NAR ved ansvarleg lån og auka aksjekapital. I mars 2002 selde Luftfartsverket 80 pst. av aksjane i NAR til NAR Holding AS. Som følgje av merknad frå fleirtalet i samferdselskomiteen under handsaminga av St.prp. nr. 60 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 227 (2001-2002), har Avinor AS no i 2003 valt å kjøpe ut kompetansesenteret for 4,4 mill. kr og å opprette eit eige aksjeselskap til å vidareføre drifta. Det nye selskapet - Nordian AS - skal produsere, formidle og selje læremateriell for operativt personell innan luftfarten. I samband med utskiljinga av kompetansesenteret har NAR Holding AS no teke over alle aksjane i NAR. Den flyoperative verksemda som NAR tidlegare dreiv for Luftfartsverket, er avvikla etter at selskapet tapte anbodskonkurransen om kontrollflyging for Avinor.

Avinor har gitt Nordian AS 2 mill. kr i driftskapital for 2003 som ansvarleg lån, og har elles garantert for dekking av underskot i drifta med inntil 4 mill. kr. Avinor skal etter § 10 i vedtektene til selskapet kvart år leggje fram for samferdselsministeren ein plan for verksemda med dotterselskap, såleis også for Nordian.

Samferdselsdepartementet viser til at Avinor og tidlegare Luftfartsverket har overført store ressursar for å sikre drifta av kompetansesenteret. Dersom planen for verksemda som Avinor legg fram for 2004, likevel ikkje gjer det sannsynleg at etterspurnaden etter dei produkta Nordian sel, kan finansiere drifta framover, ser ein det som nødvendig at Avinor får høve til å vurdere overføring av verksemda til ein utdanningsinstitusjon, eventuelt avvikle verksemda. Samferdselsdepartementet viser til at kompetansesenteret ikkje sjølv driv undervisning, men tilbyr og sel ulikt undervisningsmateriell og -tenester som utdanningsinstitusjonane kan gjere seg nytte av.

Til forsida