St.prp. nr. 68 (2000-2001)

Budsjettkonsekvensar for 2001 knytta til gjennomføring av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

4 Sal av SDØE-eigardelar til Statoil

I St.prp. nr. 36 (2000-2001) tilrår regjeringa å selja SDØE-eigardelar til Statoil før børsnotering av selskapet. Vidare føreslo regjeringa at Statoil dels skulle betala for SDØE-eigardelar i kontantar og dels at SDØE-eigardelar skulle kunne inngå i selskapet som tingsinnskot.

Departementet har ført innleiande drøftingar med Statoil. Dette som grunnlag for seinare forhandlingar med selskapet. Dette føreset at Stortinget sluttar seg til regjeringa sitt forslag om sal av SDØE-eigardelar til Statoil i samband med handsaming av St.prp. nr. 36 (2000-2001).

Ein eventuell avtale med Statoil vil ha økonomisk effekt frå avtalt verdsetjingsdato for eigardelane, effektiv dato. Eigarrettane til eigardelane vert formelt overførte frå staten til Statoil på ein seinare dato, gjennomføringsdato. Det vil difor verta gjennomført eit pro & contra-oppgjer som dekkjer alle kontantstraumane i perioden frå effektiv dato til gjennomføringsdato. I pro & contra-oppgjeret vil ein ta høgde for alle kontantstraumelementa knytta til dei aktuelle eigardelane i perioden. Dette inneber at netto inntekter i perioden frå effektiv dato til gjennomføringsdato knytta til dei eigardelane som vert overdregne frå staten til Statoil, skal verta tilført Statoil. For dei eigardelane som vert overdregne frå Statoil til staten, skal netto inntekt verta tilført staten. Pro & contra-oppgjeret vil finna stad ei tid etter sjølve gjennomføringa, av praktiske årsaker knytta til utrekning av dette oppgjeret. Budsjettkonsekvensar som følgje av overdraginga av deltakardelar og pro & contra-oppgjer, vil verta innarbeida i nye budsjettestimat for SDØE under kap. 2440 og kap. 5440 som vil verta lagt fram for Stortinget i samband med nysalderinga av budsjettet for 2001.

Vederlaget for overdraginga av eigardelane frå staten til Statoil vert delvis gjort opp ved motrekning i mottekne deltakerdelar som vert overført frå Statoil til staten. Resten av vederlaget vert gjort opp med kontantar og ved at staten yter Statoil eit lån. Regjeringa tilrår at lånet vert gitt som ansvarleg lån til Statoil med forfall til betaling ei fastsett periode etter børsintroduksjonen av selskapet. Statoil kan betala ned på det ansvarlege lånet før forfall. Eit ansvarleg lån inneber at staten må vika prioritet for andre kreditorar. Ansvarleg lån er valt fordi dette er den enklaste finansieringsforma å tilpassa til Statoil sine øvrige låneavtalar. Ei slik utsetjing av betalinga for delar av vederlaget, vil medføra at Statoil kan nytta kapital frå den tilrådde emisjonen til oppgjeret for SDØE-eigardelane. Dette vil også forenkle oppgjeret, og redusera talet på transaksjonar.

I perioden frå effektiv dato til oppgjersdato skal det reknast rente på det ansvarlege lånet til vilkår som er på line med Statoil si alternative lånerente i marknaden. Rentene på det ansvarlege lånet vert inntektsført utan løyving under kap. 5685, ny post 81 Renter, ansvarleg lån, jf. Forslag til vedtak VII. Som følgje av tilrådinga om aksjesal i og børsnotering av Statoil er det føreslått at selskapet vert omdanna til allmennaksjeselskap og at namnet på selskapet vert endra frå Den norske stats oljeselskap a.s til Statoil ASA. Ein tilrår difor å endra nemninga på kap. 5685 frå Aksjer i Den norske stats oljeselskap a.s til Aksjer i Statoil ASA. For pro & contra-oppgjeret vil det verte rekna rente basert på dei daglege kontantbalansane frå den dagen den individuelle betalinga fann stad.

Då det ikkje er teke endeleg stilling til omfanget på sal av SDØE-eigardelar til Statoil og endeleg vederlag dermed ikke er kjent, føreslår regjeringa at Olje- og energidepartementet får fullmakt til å yta ansvarleg lån til Statoil avgrensa opp til vederlaget etter motrekning i mottekne deltakerdelar. I tillegg at departementet får fullmakt til å utgiftsføra lånet utan løyving over nytt kap. 1811 Statoil ASA, post 90 Ansvarleg lån og til føring av tilbakebetaling av lånet over nytt kap. 4811 Statoil ASA, post 91 Avdrag, ansvarleg lån, jf. Forslag til vedtak VII.

Stortinget vert informert om inntektene og utgiftene når desse er nærare avklara i etterkant av transaksjonen.