St.prp. nr. 7 (1998-99)

Om tilleggsløyving på statsbudsjettet 1998 for å dekkje kontingent til CERN

Til innhaldsliste

2 Vurderingar og forslag

Det har i ettertid synt seg at den summen Noreg må betale som kontingent for deltaking i CERN, har blitt høgare enn det ein rekna med. Dette heng først og framst saman med følgjande to tilhøve:

  • Valutakursen på NOK har svekka seg mykje i høve til CHF. Meirutgiftene for dette er rekna ut til vel 12 mill kroner. I tillegg har endringane i valutakursane ført med seg ein meirkostnad på om lag 1,5 mill kroner for kontingentane for dei andre organisasjonane under denne posten.

  • Norsk BNP for utrekningsperioden har styrkt seg monaleg i høve til dei andre medlemslanda i CERN. Meirutgiftene for dette er rekna ut til vel 6 mill kroner.

Under kap 288, post 72 er det for 1998 løyvt om lag 80 mill kroner og til no rekneskapsført om lag 70 mill kroner. Det står att å betale ut kontingent for CERN på 5,2 mill sveitsiske franc. Ut frå ein kurs for CHF pr 15. oktober på 574 er resterande utbetalingsbehov om lag 30 mill kroner. Dette gjer det nødvendig med ei tilleggsløyving under kap 288, post 72 på 20 mill kroner for å dekkje kontingentpliktene Noreg har for 1998.

Etter avtalen skulle heile kontingentsummen til CERN vore utbetalt i juli d å. Det har derfor vore nødvendig å leggje fram eigen proposisjon om saka for å kunne betale ut restsummen så snart som råd er.

Til forsida