St.prp. nr. 70 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av T-forbindelsen – nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

Prosjektet omfattar eit nytt samband aust/vest og eit nytt samband nord/sør. Krysset mellom dei to sambanda ved Fosen i Karmøy kommune er planlagt som rundkjøring. Gjennom endringar i reguleringsplanen i 2005/2006 er rundkjøringa lagt i fjell. Dette fører til at den maksimale stigninga opp til rundkjøringa både frå aust og vest er redusert. Samla tunnellengde er derfor auka.

Sambandet aust/vest mellom E39 ved Mjåsund i Tysvær kommune og rv 47 ved Håvik i Karmøy kommune er på om lag 10,8 km med ein samanhengande tunnel under Førresfjorden og Karmsundet. Tunnellengda er om lag 7,8 km. Maksimal stigning er 8 pst., og største djupn er om lag 140 m under havet.

Sambandet nord/sør mellom Fosen og E134 ved Raglamyr i Haugesund kommune er på om lag 9,1 km. Tunnelarmen nordover frå rundkjøringa er om lag 1,2 km lang. Det inngår også to tunnelar på om lag 270 m og om lag 700 m.

Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for heile det nye vegsambandet. Det ligg også føre godkjente reguleringsplanar for plassering/bruk av overskotsmassar frå tunneldrivinga fleire stader i nærleiken av prosjektet. Slike massar vil også bli nytta til vegbygginga.

Ei strekning inn mot E134 ved Raglamyr er planlagt med fire kjørefelt. I stigningane er tunnelane planlagt med tre kjørefelt. Resten av prosjektet har to kjørefelt.

I St.prp. nr. 72 omfatta forskots- og parallellinnkrevjinga begge ferjesambanda E39 Mortavika – Arsvågen og rv 47 Mekjarvik (Randaberg) - Skudeneshavn. I St.prp. nr. 1 (2001-2002), side 142, orienterte Samferdselsdepartementet om at innkrevjinga blei avgrensa til sambandet Mortavika – Arsvågen.

I St.prp. nr. 72 var det lagt opp til anleggsstart i 2005/2006. Det blir no lagt opp til anleggsstart våren 2009 med trafikkopning rundt årsskiftet 2012/2013. I tråd med St.prp. nr. 72 føreset Samferdselsdepartementet at ferjesambandet Mekjarvik-Skudeneshavn blir lagt ned som riksvegferjesamband når T-forbindelsen blir opna for trafikk.

Figur 2.1 

Figur 2.1