St.prp. nr. 70 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av T-forbindelsen – nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

4 Kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og samfunnsøkonomisk nytte av utbygginga

Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Dei eksterne kvalitetssikrarane anbefalte ei styringsramme på 1 390 mill. 2008-kr og ei kostnadsramme på 1 540 mill. 2008-kroner. Svingningar i markedet for store entreprisar og geologiske forhold for undersjøiske tunnelar er dei to forholda som i kvalitetssikringa blir peika på å vere dei områda som i størst grad kan gje risiko for overskridingar av styringsramma. Samferdselsdepartementet er samd i desse vurderingane frå kvalitetssikrarane. Den seinare tida har vegstyresmaktene registrert ein stor prisauke på tunnelprosjekt. Delar av denne prisauken skuldast forhold som det i den eksterne kvalitetssikringa ikkje var mogleg å fanga opp. Dette gjeld i særleg grad nye krav og prosedyrar ved tunnelbygging og marknadssituasjonen. For å ta med desse faktorane fullt ut legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme for prosjektet på 1 440 mill. 2008-kr og ei kostnadsramme på 1 650 mill. 2008-kr.

Den eksterne kvalitetssikringa har også omfatta trafikkgrunnlaget. I samband med kvalitetssikringa er det gjennomført transportanalysar med Statens vegvesen sin nye regionale transportmodell. Modellen er også nytta for å kvalitetssikre trafikktala for Haugalandspakka når begge dei to bompengeordningane er innførte, jf. St.prp. nr. 57 (2006-2007) og St.prp. nr. 45 (2007-2008). For T-forbindelsen blir det lagt til grunn eit trafikkgrunnlag for etterskotsinnkrevjinga på 3 100 kjøretøy (ÅDT) (basisår 2010). Dette er noko lågare og dermed meir nøkternt enn i St.prp. nr. 72 der trafikkgrunnlaget var 3 600 kjøretøy (basisår 2010).

Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) er rekna til - 980 mill. kr, basert på at prosjektet er 100 pst. statleg finansiert. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til – 0,8. I dette prosjektet utgjer den statlege finansieringa 31 pst. av styringsramma.