St.prp. nr. 71 (2005-2006)

Om endringar i statsbudsjettet for 2006 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

3 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 24. mai 2006 blei Den norske lægeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2006 - 30. juni 2007.

Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 4,6 prosent frå 1. juli 2006. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskota blir auka med 10,9 prosent. Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane, driftstilskota og fonda.

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2006 er rekna til 120,0 mill. kroner, delt med 18,0 mill. kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 102,0 mill. kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseføretaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota, tilrår departementet at kap. 732 postane 71-75 blir auka med 18,0 mill. kroner i alt.