St.prp. nr. 72 (2008-2009)

Om nokre saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

3.1 Godkjenning av signal- og sikringsanlegget MERKUR

Bakgrunn og status

Jernbaneverket har etter anbodskonkurranse inngått kontraktar med ABB om levering av signal- og sikringsanlegget Merkur (ein ny type anlegg). Det nyutvikla anlegget skal etter planen brukast på Ganddal godsterminal, på det nye dobbeltsporet Sandnes - Stavanger og på det nye fjernstyringsanlegget mellom Mosjøen og Bodø på Nordlandsbana.

På grunn av at Merkur er eit nyutvikla system treng det ei generisk (generell) godkjenning av Statens jernbanetilsyn før det kan takast i bruk. Jernbaneverket søkte om å ta i bruk signal- og sikringsanlegget Merkur på Orstad stasjon Ganddal godsterminal for samstundes å sikre ei generisk godkjenning. Statens jernbanetilsyn godkjende ikkje søknaden. Dette blei m.a. grunngitt med at Merkur ikkje er godt nok dokumentert for å fastsetje det tryggleiksnivået som ein krev for signal- og sikringsanlegg.

Etter avslaget frå Statens jernbanetilsyn har Jernbaneverket arbeidd med å få oversikt over konsekvensar og vurdert handlingsalternativ både med tanke på mellombelse og varige løysingar. Jernbaneverket forhandlar no med ABB om tekniske, framdriftsmessige og økonomiske konsekvensar for Merkur-kontraktane som følgje av den manglande godkjenninga. I samråd med Samferdselsdepartementet har Jernbaneverket førebels valt å oppretthalde kontraktane med ABB. Bakgrunnen er at Jernbaneverket meiner at dette framleis er eit realistisk alternativ. Vilkåret frå Jernbaneverket si side er at ABB i første omgang må få godkjent ei sertifisering av Merkur som system. Denne sertifiseringa må gjennomførast før Jernbaneverket sender ny søknad om generisk godkjenning av Merkur på Ganddal til Statens jernbanetilsyn. Ei sertifisering vil lette den etterfølgjande godkjenningsprosessen om bruk av Merkur på Ganddal. Kontraktane for dei to andre prosjekta blir førte vidare om Statens jernbanetilsyns vedtak om godkjenning på Ganddal gir grunnlag for det. Det er ABBs ansvar å få på plass ei nødvendig sertifisering av Merkur, men Jernbaneverket vil medverke til å få denne på plass.

Jernbaneverket har utarbeidd eit konkurransegrunnlag for ein mogleg anbodskonkurranse om eit nytt signal- og sikringssystem, som kan setjast i verk som ei alternativ løysing om det viser seg at Jernbaneverket og ABB ikkje blir samde om vilkåra for å oppretthalde Merkur-kontraktane. I tilfelle blir det ein diskusjon mellom Jernbaneverket og ABB om ansvaret for kostnadene som følgje av at Merkur ikkje kan leverast. Sjølv om Merkur blir levert på eit seinare tidspunkt enn det som opphavleg var avtalt, vil det måtte bli eit oppgjer mellom partane med omsyn til meirkostnadene. Partane har valt å vente med eit slikt oppgjer og i staden sjå på dei tiltaka som må gjerast for å få Merkur godkjent så snart som mogleg. I omtalen av kostnader er det berre teke omsyn til meirkostnader slik dei no fortonar seg og til kven som skal betale. Det er m.a.o. ikkje teke omsyn til eit eventuelt erstatningsoppgjer.

På bakgrunn av at Merkuranlegget ikkje blei godkjent for bruk har Jernbaneverket teke initiativ til at det blir gjort ein uavhengig revisjon av anskaffings- og utviklingsprosessen og korleis han er handtert av Jernbaneverket. Revisjonen er meint å gi grunnlag for læring av prosessen og om det bør gjennomførast eventuelle tiltak. Det er lagt opp til at revisjonen skal avsluttast innan sommaren 2009.

Budsjettmessige konsekvensar for dei tre jernbaneprosjekta

Ganddal godsterminal

Prosjektet er seinast omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009). Terminalen blei opna for drift med manuell togstyring 3. januar 2008. Togstyringa på terminalen held fram med manuell drift fram til eit permanent signal- og sikringsanlegg er på plass. Kostnadsoverslaget for prosjektet er sett til 466,4 mill. 2009-kr. I 2009 er det løyvd 52 mill. kr til sluttføring av prosjektet. Jernbaneverket reknar førebels med at meirkostnaden på grunn av forseinkinga med Merkur utgjer i storleiken 20 mill. kr som i hovudsak kjem av endra kontraktsoppfølging og at ordninga med manuell togstyring må halde fram i ytterlegare to år.

Om Merkur-kontrakten med ABB må avviklast, reknar Jernbaneverket førebels med at dette kan innebere ein meirkostnad i storleiken 85 mill. kr som i hovudsak kjem av at det må kjøpast eit nytt permanent signalanlegg og at den manuelle togstyringa av terminalen må halde fram i ytterlegare eitt år.

Sandnes - Stavanger

Prosjektet er seinast omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009). Etter ei ekstern kvalitetssikring som Samferdselsdepartementet fekk gjennomført i 2008, er kostnadsramma for prosjektet fastsett til 2 570 mill. 2009-kr, medan styringsramma er fastsett til 2 215 mill. 2009-kr, jf. St.prp. nr. 45/Innst. S. nr. 242 (2007-2008). I budsjettet for 2009 er det løyvd 749,7 mill. kr til vidareføring av prosjektet.

Det nye dobbeltsporet skal etter planen stå ferdig i slutten av oktober i år. I påvente av å få installert eit permanent signalsystem legg Jernbaneverket opp til å kunne ta i bruk ei mellombels løysing ved å få installert eit NSI 63-anlegg. Dette er eit enklare signal- og sikringsanlegg som gjer det mogleg at begge spora kan takast i bruk ved opninga, men det vil ikkje vere mogleg å veksle mellom spora. Ei slik løysing er mindre fleksibel om det oppstår avvikssituasjonar i togtrafikken på banestrekninga. Jernbaneverket arbeider med løysingar for å handtere dette på ein god måte. Ei slik mellombels løysing må godkjennast av Statens jernbanetilsyn. Jernbaneverket har sett i gang arbeidet med eit NSI 63-anlegg som etter planen skal stå ferdig samstundes med opninga av dobbeltsporet.

Jernbaneverket reknar førebels med at forseinkinga med Merkur vil innebere ein meirkostnad i storleiken 75 mill. kr samanlikna med styringsramma. Dette har i hovudsak samanheng med godkjenning og installering av eit mellombels NSI 63-anlegg. Om Merkur-kontrakten med ABB må avviklast, reknar Jernbaneverket med at dette vil innebere ein meirkostnad i storleiken 250 mill. kr samanlikna med styringsramma. Meirkostnaden kjem i hovudsak av at det må kjøpast eit nytt permanent signalanlegg i tillegg til at det må installerast ei mellombels løysing med NSI 63, om dobbeltsporet skal kunne opnast etter planen i slutten av oktober i år. Sjølv med ein meirkostnad på 250 mill. kr vil prosjektet kunne halde seg innafor det høgste alternativet for godkjend kostnadsramme. Årsaka er at i dei godkjende alternativa til kostnadsrammer for prosjektet er det teke omsyn til at det kunne oppstå problem på grunn av manglande godkjenning av Merkur, jf. scenario 2 i St.prp. nr. 45 (2007-2008).

Mosjøen - Bodø

Prosjektet er seinast omtalt i St.prp. nr.1 (2008-2009). Etter ei ekstern kvalitetssikring blei kostnadsramma fastsett til 651,3 mill. 2009-kr, medan styringsramma blei sett til 620 mill. 2009-kr. I omtalen går det fram at kostnadsramma er basert på ferdigstilling av prosjektet i 2009, men er usikker, fordi mangel på tilgjengeleg signalkompetanse gjer at ferdigstillinga av prosjektet må utsetjast til utgangen av 2011. Nærare avklaring vil først kunne skje når nødvendige signalressursar kan tilbakeførast til prosjektet. Dette er grunngitt med at Jernbaneverket i første omgang har sett seg nøydd til å prioritere dei avgrensa signalressursane i etaten til arbeidet med å få på plass godkjende signalsystem på dei to andre prosjekta.

Jernbaneverket reknar førebels med at forseinkinga av Merkur vil innebere ein meirkostnad på i storleiken 85 mill. kr samanlikna med styringsramma. Dette har i hovudsak samanheng med utsetjing av leveransar frå ABB og forlenging av manuell togstyring av togtrafikken på strekninga mellom Mosjøen og Bodø. Om Merkur-kontrakten med ABB må avviklast, reknar Jernbaneverket førebels med at dette vil innebere ein meirkostnad på i storleiken 220 mill. kr samanlikna med styringsramma. Meirkostnaden gjeld i hovudsak kjøp av eit nytt permanent anlegg.

I budsjettet for 2009 er det løyvd 180 mill. kr til vidareføring av prosjektet. På grunn av stopp i arbeidet med innvendige installeringar av Merkur har Samferdselsdepartementet gjort framlegg om å omdisponere 100 mill. kr av løyvinga for 2009 omdisponert til andre jernbanetiltak, jf. omtale i Finansdepartementets proposisjon om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2009.

Ved utrekninga av meirkostnader for dei tre prosjekta ved ei vidareføring av Merkur er det lagt til grunn at godkjenninga av systemet må vere på plass seinast i løpet av hausten 2010. Om godkjenninga dreg ut i tid til etter 2010, reknar Jernbaneverket med at kostnadene vil auke ytterlegare. Årsaka er at investerte midlar i Merkur ikkje kjem til nytte, det må lysast ut konkurranse og byggjast eit nytt permanent sikringsanlegg som kjem i tillegg til mellombelse løysingar og manuell drift. I dei førebelse utrekningane av meirkostnader om Jernbaneverket seier opp Merkur-kontraktane med ABB, er det ikkje rekna med eventuelle erstatningskrav frå Jernbaneverket. Om Jernbaneverket skal fremje eit erstatningskrav og storleiken på det, vil vere mest hensiktsmessig å vurdere om det viser seg at Merkur-anlegget på Ganddal godsterminal etter ein ny søknad frå Jernbaneverket, ikkje får den nødvendige godkjenninga frå Statens jernbanetilsyn.

Når det gjeld Mosjøen - Bodø, er det framleis usikkert når nødvendige signalressursar kan tilbakeførast til gjennomføring av prosjektet etter at godkjenningsprosessen av Merkur er nærare avklara. Det er derfor for tidleg å leggje fram forslag om ei ny kostnads- og styringsramme for prosjektet. Samferdselsdepartementet reknar med å kunne kome tilbake med ei ny orientering og med endelege forslag til nye kostnadsrammer/styringsrammer for dei prosjekta der dette er nødvendig, i samband med statsbudsjettet for 2010.

3.2 Kjøp av persontransport med tog frå NSB AS

Departementet viser til St.prp. nr. 1 (2008-2009) der det m.a. går fram at departementet skal orientere Stortinget om sluttresultatet frå forhandlingane med NSB AS om kjøpsavtalen for 2009. Forhandlingane er no avslutta. Kjøpsavtalen er signert med ei økonomisk ramme innanfor vedteken løyving for 2009.

Turistkonseptet på Raumabanen er vidareført også for 2009. Departementet vil gjennomføre ei fornya vurdering av konseptet ved forhandlingane av kjøpsavtalen for 2010. NSB har som intensjon å levere heile tilleggsproduksjonen som blei avtalt i Trafikkavtalen frå ruteterminskiftet i desember 2009. Dette vil innebere fleire togavgangar rundt Oslo og i InterCity-trafikken.

Når det gjeld spørsmålet om eiga nattvogn i Kristiansand, er dette enno ikkje avklart.