St.prp. nr. 73 (1999-2000)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Telenor AS

I samband med at Televerket 1. november 1994 blei omdanna frå forvaltningsverksemd til aksjeselskapet Telenor AS, hadde ikkje Telenor AS lenger automatisk rett og plikt til å halde fram medlemskapet i Statens Pensjonskasse, men kunne velgje ei anna pensjonsordning. Telenor AS fekk likevel høve til å halde fram i Pensjonskassa inntil vidare. Med verknad frå 1. september 1995 valde Telenor AS å gå ut av Pensjonskassa. Arbeidstakarane i Telenor AS fekk frå samme tid oppsette rettar til pensjon etter lov om Statens Pensjonskasse, på same måte som andre som individuelt eller kollektivt går ut av Pensjonskassa.

Dei arbeidstakarane som blei oppsagte og fekk venteløn før utmeldinga pr 1. september 1995, blei av Statens Pensjonskasse rekna som «aktive medlemmer» på same måte som dei ordinære (statlege) ventelønsmottakarane, og kunne gå over frå venteløn til alderspensjon ved aldersgrensa for stillinga, eventuelt ved fylte 67 år. Det same gjaldt for dei som fekk uførepensjon.

Dei arbeidstakarane som blei oppsagte etter at Telenor AS melde seg ut (1. september 1995) og fekk venteløn, blir rekna som tidlegare medlemmer med oppsette rettar. Departementet har lagt til grunn at sjølv om nokon av dei tilsette blir sagt opp frå si stilling etter at Telenor AS er meldt ut av Pensjonskassa, og fått rett til venteløn, fører ikkje dette til at dei av den grunn på nytt blir medlemmer i Statens Pensjonskasse. Dette er det ikkje nokon heimel for, og departementet meiner at dei skal handsamast etter dei vanlege reglane om oppsette rettar etter lov om Statens Pensjonskasse. Det same gjeld dersom ventelønsmottakaren får rett til uførepensjon.

Årsaka til at departementet legg saka fram for Stortinget er at Telenor AS meiner at ein får ei ulik handsaming av dei tidlegare tilsette i selskapet, som heller ikkje er i tråd med intensjonen i lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap. Telenor AS meiner det er rimeleg å gå ut ifrå at arbeidstakarane i Telenor AS, som blei førde over frå Televerket, skulle få ha rettane som dei hadde som statstilsette i ein overgangsperiode.

Departementet har i brev av mars 1999 til Telenor AS mellom anna gjort merksam på følgjande:

«Vi vil imidlertid bemerke at lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap kun regulerer fortrinnsrett til annen stilling i staten og ventelønn. Loven regulerer derimot ikke pensjonsrettigheter. Dersom dette hadde vært regulert, hadde Telenor trolig blitt pålagt å opprettholde medlemskapet i Statens Pensjonskasse. Siden Telenor har valgt å gå ut av Pensjonskassen, oppstår denne forskjellen mellom ventelønnsmottakerne. Vi understreker at denne forskjellen kun vil berøre de som har gått over på ventelønn etter at Telenor AS gikk ut av Statens Pensjonskasse. De som gikk over på ventelønn før utmeldingstidspunktet, behandles på samme måte som øvrige ventelønnsmottakere.»

Når det gjeld uførepensjon, meiner departementet at ventelønsmottakarane i Telenor AS som går over på uførepensjon, ut frå reglane, har rett til ein oppsett uførepensjon, med ei oppteningstid på inntil 40 år, og ikkje ein løpande uførepensjon, med oppteningstid på maksimum 30 år, som gjeld for dei ordinære uførepensjonistane. Årsaka er som nemnt ovanfor at dei tilsette i Telenor AS som var medlemmer i Statens Pensjonskasse fekk dei vanlege oppsette rettane etter lov om Statens Pensjonskasse på same måte som andre som individuelt eller kollektivt går ut av Pensjonskassa. Når arbeidstakarane på eit seinare tidspunkt blir gitt venteløn, blir situasjonen tilsvarande. At Telenor AS og dei tilsette ikkje har vore kjent med reglane er uheldig.

Trass i dei innvendingane som er nemnde ovanfor, legg Arbeids- og administrasjonsdepartementet saka fram for Stortinget etter ønskje frå Telenor AS.

Statens Pensjonskasse har rekna kontantverdien ved å gi ventelønsmottakarane i Telenor AS pensjonsrettar til brutto om lag 120 mill. kroner. Kontantverdien er den økonomiske plikta som ein samla vil kome opp i dersom pensjonsordninga skulle betale ut dei oppsparte pensjonsrettane for medlemmene på et gitt tidspunkt.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at dei tilsette som vart sagt opp i Telenor AS etter at verksemda melde seg ut av Statens Pensjonskasse og så har gått over på venteløn, skal handsamast som om dei har oppsette pensjonsrettar. Departementet meiner at dette er ei korrekt forståing av reglane.

Alternativet ville ha vore å sjå på desse personane som «aktive medlemmer» i Statens Pensjonskasse. Etter departementet si meining måtte ein då gje desse personane ein pensjon frå statskassa for å få det ønskte resultatet.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at ein ikkje gir pensjon frå statskassa i desse sakene.

Til forsida