St.prp. nr. 75 (2005-2006)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

8 Gjennomgang av systemet for godtgjersle for vernepliktige og ordninga med vernepliktig akademisk befal (VAB)

I St. prp. nr. 1 (2005–2006) opplyste departementet at ein ville se nærare på systemet for godtgjersle for dei vernepliktige og ordninga med vernepliktig akademisk befal (VAB-ordninga) i lys av utviklinga i Forsvaret og i samfunnet elles.

VAB-ordninga er etablert for å utdanne vernepliktig mannskap i viktige kategoriar til krigsoppsetningane og VAB skal derfor ikkje primært dekkje behov i fredsorganisasjonen. Ei utviding av ordninga med VAB er vurdert med føresetnad om at dei kategoriane som skal vurderast innført er knytt til mobiliseringsstillingar i krigsstrukturen.

Styrkeprodusentane er rådført om ei utviding av ordninga. Tilbakemeldinga er at det ikkje synest å vere behov for ei utviding. Departementet har, etter tilråding frå Forsvarsstaben, vedteke at det ikkje er aktuelt å utvide ordninga med vernepliktig akademisk befal no, men at ordninga med VAB må utreiast ytterlegare.

Godtgjersle for vernepliktig akademisk befal

I samband med handsaminga av St. prp. nr. 1 (1997–1998) blei det vedteke at vernepliktig akademisk befal frå 1. januar 1998 skulle få løn svarande til lønstrinn 20 i A-tabellen (krigsskole 2 nivå).

VAB blei innplassert med 8 års lønsansiennitet og er som følgje av dette lønna tilsvarande LR 36 alt. I, pt ltr 29 for løytnantar og i LR 37, alt. 3, pt ltr 34 for VAB i kapteinsstillingar. At VAB ikkje får utteljing i samband med lokale forhandlingar og i justeringsoppgjeret, har gitt til resultat ein lågare lønsvekst enn andre grupper som det kan vere naturleg å samanlikna med. Vernepliktige mannskap, som får ei årleg regulering med basis i lønsoppgjeret, har hatt ei gunstig (lønsmessig) utvikling, som følgje av regulering svarande til lågtlønsgruppene.

 På bakgrunn av dette, og av omsyn til legesituasjonen i Forsvaret generelt og behovet for rekruttering spesielt, finn departementet det ønskjeleg å oppjustere løna for VAB med løytnants grad til LR 36 alt. 8, ltr 36 og til LR 37 alt. 8 ltr 40 for VAB med kapteins grad.