St.prp. nr. 76 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Ei gjennomføring av direktivet vil gjere det naudsynt med endringar i delar av dei tekniske løysingane ved Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret, mellom anna må løysingar for elektroniske signaturar kome på plass. Alt i dag vert det arbeidd aktivt med å utvikle generelle løysingar for dette.

Gjennomføringa av direktivet vil ikkje ha budsjettmessige konsekvensar for inneverande år.

Direktivframlegget om å tillate registrering av dokument også på andre språk enn norsk vil kunne medføre dobbeltregistrering ettersom selskapa i alle høve vil vere pliktige til å registrere dei aktuelle opplysningane på norsk. Ei slik mogleg dobbeltregistrering vil i ein viss grad kunne auke dei administrative byrdene for Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret. Det vil vere avgjerande å finne fram til føremålstenlege tekniske løysingar som vil kunne minimalisere eit eventuelt meirarbeid for registra. Registrering på fleire språk vil kunne stimulere til transaksjonar over landegrensene, og på denne måten få positive konsekvensar.

For dei næringsdrivande vil det kunne innebere visse kostnader å gjennomføre dei opplysningspliktene som direktivet pålegg. Det er likevel ikkje tale om å skaffe nye opplysningar, men å gje opplysningar som er gjevne tidlegare, via nye medium. Eventuelle kostnader vil vere ei eingongsutgift. Ein del føretak har alt i dag dei aktuelle opplysningane på internettsidene sine. For andre føretak vil kostnadene i dei fleste tilfella vere svært avgrensa.