St.prp. nr. 77 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Tiltak mot ulovleg innsidehandel er i dag regulert i lov av 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova). I kapittel 2 i verdipapirhandellova er det mellom anna fastsett forbod mot innsidehandel og forbod mot kursmanipulering. Føremålet med verdipapirhandellova er å leggje til rette for sikker, ordna og effektiv handel i finansielle instrument. Med omsyn til effektiv handel er det mellom anna ein føresetnad at marknadsaktørane har tillit til marknaden og til informasjonstilgangen.

Gjennomføringa av direktivet vil i første rekkje medføre endringar i verdipapirhandellova, særleg i kapittel 2 i lova. Vidare er det naudsynt med visse endringar i kapittel 12 i lova. Særleg må dei aktuelle tilsyns- og kompetanseføresegnene byggjast ut som følgje av at direktivet legg opp til ein relativt omfattande kompetanse for tilsynsstyresmaktene.

I tillegg til endringane i verdipapirhandellova vil det vere naudsynt med endringar i børslova. Dette gjeld særleg krava til børsnoterte utferdarføretak si offentleggjering og handtering av innsideopplysningar.

Finansdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei konkrete lovendringane som vert rekna som naudsynte for å gjennomføre marknadsmisbruksdirektivet. Finansdepartementet tek sikte på å fremje proposisjonen hausten 2004.