St.prp. nr. 78 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/42/EF om rapportering av hendingar innan sivil luftfart

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Føremålet med direktivet er å leggje tilhøva til rette for få informasjon om risiko for luftfartsulukker før slike ulukker og alvorlege hendingar skjer. Det første steget i arbeidet for å få ned ulukkesraten i luftfarten, var å gjennomføre undersøkingar av ulukker og alvorlege hendingar som alt har skjedd, i medhald av rådsdirektiv 94/54/EF av 21. november 1994 (undersøkingsdirektivet), om fastsetjing av grunnleggjande prinsipp for undersøking av ulukker og alvorlege hendingar innan sivil luftfart. Men det er få ulukker og alvorlege hendingar som skjer, og undersøkinga av desse gjev avgrensa høve til læring.

Rapporteringsdirektivet har som føremål å utfylle undersøkingsdirektivet ved ein meir proaktiv tilnærmingsmåte. Direktivet byggjer på røynsler som syner at det normalt ikkje er éi einskild årsak til ei luftfartsulukke, men ei rekkje årsaksfaktorar. Ved å fjerne nokre av desse faktorane vil ein medverke til førebygging av ulukker. Dette krev at ein skaffar seg kunnskap om slike tilhøve, slik at styresmaktene og den einskilde operatør kan setje inn høvelege tiltak for å hindre ulukker. Røynsler har synt at rapporteringsviljen er god når det gjeld å melde frå om tekniske manglar og andre tilhøve som ikkje rapportøren sjølv er involvert i. Av frykt for konsekvensane er flygarar, flygeleiarar og andre tilbakehaldne med å rapportere om tilhøve der dei sjølve er innblanda. Dette gjer det vanskeleg for luftfartsstyresmaktene å få inn relevant informasjon i tide til å avdekkje veikskapar.

Direktivet bygger på røynsler frå havariundersøkingar som syner at menneskelege faktorar, i ulik grad, er knytte til 80 % av ulukker og hendingar innan sivil luftfart. Desse spenner over eit vidt spekter, medrekna veikskapar ved prosedyrar, dårleg utdanning, manglande samarbeid, dårleg leiing og reine feilhandlingar. Såleis verkar det å vere særleg på området menneskelege faktorar at det må setjast inn ressursar for å redusere ulukkesraten. For å identifisere dei rette ressursane er ein avhengig av å få inn informasjon om kva som ikkje fungerer tilfredsstillande. Relevant informasjon finst som oftast hjå utøvarane. Ein er difor avhengig av at utøvarane melder frå om røynslene sine, slik at ein kan lære av desse.

Skal rapporteringsviljen styrkjast, må frykta for straff, inndraging av sertifikat, reaksjonar frå arbeidsgjevar og uthenging i media reduserast eller fjernast gjennom rettslege garantiar.

Direktivet legg grunnlaget for eit nytt system for rapportering av luftfartshendingar som ikkje er å rekne som alvorlege. Alle medlemsstatar vert pålagde å etablere et system der alle dei sentrale aktørane innan luftfartsindustrien skal rapportere tilhøve som kan medverke til å førebyggje luftfartsulukker, til eit utpeikt styresmaktorgan. Dette organet skal i sin tur lagre, ordne og analysere dei opplysningane som er komne inn.

For å skape den naudsynte tilliten til systemet blant rapportørane, er direktivet basert på ein grunntanke om at dei innrapporterte opplysningane berre skal nyttast til flytryggingsmessige føremål. Dette inneber konkret at opplysningane skal handterast konfidensielt, og at rapportøren, som følgje av rapporteringa, ikkje skal risikere å verte møtt med sivilt søksmål frå styresmaktene eller sanksjonar frå arbeidsgjevaren.

Ettersom talet på luftfartshendingar i kvar stat er relativt avgrensa, legg direktivet opp til ei omfattande utveksling av informasjon mellom medlemsstatane. På denne måten ønskjer ein å gjere det mogleg både at kvar einskild stat får eit større tilfang av røynsler å byggje det førebyggjande arbeidet sitt på, og at førebyggjande arbeid skjer i regi av Europakommisjonen sjølv.