St.prp. nr. 78 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/42/EF om rapportering av hendingar innan sivil luftfart

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Lov av 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartslova) inneheld føresegner om rapporteringsplikt. § 6-9, § 6-2 og § 4-7 i luftfartslova gjev heimel til å påleggje fartøysjef, eigar og brukar plikt til å rapportere om luftfartsulukker, luftfartshendingar og om tilhøve som er viktige for luftdugleiken til luftfartøyet. Det nye direktivet vil føre til at ei rekkje nye personellkategoriar, medrekna lufttrafikktenestepersonell, bakkepersonell og lufthamnforvaltarar, vert pålagde plikt til å rapportere om aktuelle hendingar. Den eksisterande luftfartslova inneheld heller ingen føresegner som avgrensar føremålet med kva dei innrapporterte opplysningane kan nyttast til, noko som vil verte klarare formulert gjennom det nye direktivet. Jamført med eksisterande lovgjeving vil direktivet òg innehalde føresegner om kven som kan får utlevert slike opplysningar. Gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil difor krevje endring i luftfartslova. Direktiv skal gjennomførast i norsk rett i medhald av artikkel 7 bokstav b) i EØS-avtala.

Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei naudsynte lovendringane.