St.prp. nr. 79 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn)

Til innhaldsliste

3 Rådsdirektiv 98/52/EF av 13. juli 1998 om utviding av direktiv 97/80/EF om provtyngsla i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 100,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen11,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet22,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet33og

ut frå desse synsmåtane:

Rådet vedtok direktiv 97/80/EF44i samsvar med avtala om sosial- og arbeidslivspolitikken, som er lagd ved protokoll nr. 14 til EF-traktaten om sosial- og arbeidslivspolitikken, særleg artikkel 2 nr. 2 i avtala. Følgjeleg gjeld det førnemnde direktivet ikkje for Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Under møtet sitt i Amsterdam 16.-17. juni 1997 merkte Det europeiske rådet seg med glede at det under regjeringskonferansen vart oppnådd semje om å innarbeide avtala om sosial- og arbeidslivspolitikken i traktaten, og påpeikte likeins at det bør finnast ein måte å gje rettsverknad til ønsket til Det sameinte kongerike om å godta dei direktiva som alt er vedtekne på grunnlag av avtala, og dei som kan verte vedtekne før Amsterdam-traktaten tek til å gjelde.

Under møtet i Rådet 24. juli 1997 vart Rådet og Kommisjonen samde om å gjennomføre dei konklusjonane som vart vedtekne under møtet til Det europeiske rådet i Amsterdam. Dei vart likeins samde om å nytte den same framgangsmåten, på tilsvarande måte, på framtidige direktiv som vert vedtekne på grunnlag av avtala om sosial- og arbeidslivspolitikken. Med dette direktivet vert det gjort freistnad på å nå det målet gjennom å utvide verkeområdet til direktiv 97/80/EF til å omfatte Det sameinte kongerike.

Det at direktiv 97/80/EF ikkje gjeld i Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland, har direkte innverknad på korleis den felles marknaden verkar. Verksam gjennomføring i alle medlemsstatane av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner, særleg med omsyn til reglane for provtyngsle i saker som gjeld skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, vil føre til at den felles marknaden verkar betre.

Når dette direktivet vert vedteke, vil direktiv 97/80/EF gjelde i Det sameinte kongerike. Frå den datoen då dette direktivet tek til å gjelde, bør ordet «medlemsstatar» i direktiv 97/80/EF forståast slik at det omfattar Det sameinte kongerike.

Det sameinte kongerike bør få den same fristen på tre år som dei andre medlemsstatane har fått, til å setje i kraft dei føresegnene som er naudsynte for å rette seg etter direktiv 97/80/EF -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Med atterhald for artikkel 2 skal direktiv 97/80/EF gjelde for Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Artikkel 2

I artikkel 7 i direktiv 97/80/EF vert følgjande ledd sett inn etter første leddet: «For Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland skal datoen 1. januar 2001 i første leddet bytast ut med 22. juli 2001.»

Artikkel 3

Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort.

Artikkel 4

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 13. juli 1998.

For Rådet

W. Schüssel

Formann

Fotnotar

1.

TEF C 332 av 7.11.1996, s. 11.

2.

TEF C 167 av 1.6.1998.

3.

TEF C 157 av 25.5.1998, s. 64.

4.

TEF L 14 av 20.1.1998, s. 6.