St.prp. nr. 79 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn)

Til innhaldsliste

2 Nærare om rådsdirektiv 97/80/EF av 15. desember 1997 og rådsdirektiv 98/52/EF av 13. juli 1998

Rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle krev at medlemsstatane innfører rettsreglar om delt provtyngsle. Desse reglane skal nyttast i saker der personar meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje har blitt handheva i deira tilfelle. Delt provtyngsle inneber at om ein person (klagaren) meiner at han/ho er blitt utsett for skilnadshandsaming, må vedkommande som skal ha handsama ulikt (den innklaga), prove at skilnadshandsaminga ikkje har si årsak i kjønn. Om den innklaga ikkje maktar dette, skal domstolen leggje til grunn at ei eventuell påvist skilnadshandsaming har si årsak i kjønn.

Direktivet om provtyngsle uttrykkjer visse minimumskrav. Det hindrar ikkje medlemsstatane i å innføre reglar om provtyngsle som er gunstigare for klagaren enn reglane i direktivet.

Direktivet krev at reglane om delt provtyngsle gjeld i alle sivile saker eller forvaltingssaker som følgje av klage over tilhøve som er omfatta av direktivet.

Rådsdirektiv 98/52/EF gjeld utviding av førnemnde rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Kravet om delt provtyngsle gjeld tilhøve som fell inn under saksområdet i artikkel 119 i traktaten og følgjande rådsdirektiv:

  • rådsdirektiv 75/117/EØF av 10. februar 1975 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om gjennomføring av prinsippet om lik lønn til mannlige og kvinnelige arbeidstakere

  • rådsdirektiv 76/207/EØF av 9. februar 1976 om gjennomføring av prinsippet om lik behandling av menn og kvinner når det gjelder adgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremmelse samt arbeidsvilkår

og dessutan følgjande direktiv så langt dei gjeld skildnadshandsaming på grunnlag av kjønn

  • rådsdirektiv 92/85/EØF av 19. oktober 1992 om iverksetting av tiltak som forbedrer helse og sikkerhet på arbeidsplassen for gravide arbeidstakere og arbeidstakere som nylig har født eller ammer

  • rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 om rammeavtalen om foreldrepermisjon inngått mellom UNICE, CEEP og EFF

Rådsdirektiv 75/117/EØF, 76/207/EØF og 92/85/EØF er omfatta av EØS-avtala. Vidare vedtok EØS-komiteen den 26. mars 1999 at rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 skal innlemmast i EØS-avtala.