St.prp. nr. 79 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/65/EF om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Dei fleste av føresegnene i direktivet (reglane om angrerett, misbruk av betalingskort, forbod mot å krevje betaling for tenester som ikkje er tinga og avgrensinga i bruk av visse fjernkommunikasjonsmiddel) inneber full harmonisering. Det vil seie at ein ved gjennomføringa i norsk rett må velje den eller dei løysingane som direktivet fastset. Eitt døme på dette er tidsrommet angreretten skal gjelde, som er 14 dagar for alle tenester bortsett frå forsikring. Full harmonisering tyder då at ein ikkje kan gå lenger i forbrukarvern og t.d. innføre tre vekers angrerett. Men når det gjeld informasjonskrava, kan statane halde ved lag strengare krav i påvente av vidare harmonisering. I så fall skal det meldast frå til Kommisjonen om desse.

Lov om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettlova), som gjennomfører det generelle fjernsalsdirektivet (97/7/EF), tok til å gjelde 1. mai 2001. Dei to hovudelementa i angrerettlova er informasjonsplikt før og i samband med at det vert gjort avtaler, og angrerett. Finansielle tenester er i avgrensa grad omfatta av lova. Føresegnene om informasjonsplikt i lova gjeld likevel ikkje for finansielle tenester, bortsett frå krav til informasjon om angreretten. Reglane om 14 dagars angrerett gjeld for telefonsal, men ikkje ved andre fjernsalsformer som t.d. handel på Internett. Investeringstenester er ikkje omfatta av angreretten. Lova gjev departementet høve til å fastsetje særlege reglar om angreretten, medrekna andre unntak, men dette høvet er ikkje nytta. Innlemming av direktivet i EØS-avtala vil føre til at det må gjerast endringar i angrerettlova, ved at reglane om opplysningsplikt og angrerett vert tekne inn i lova.

I spesiallovgjevinga, m.a. finansavtalelova og forsikringsavtalelova, finst det utførlege krav til informasjonsplikta til tenesteytaren før og i samband med inngåing av avtaler. Opplysningsplikta etter direktivet er meir omfattande på einskilde punkt, og reglane i angrerettlova vil supplere spesiallovgjevinga. Ettersom norsk regelverk inneheld til dels detaljerte krav om informasjon til forbrukarane i samband med inngåing av avtaler om finansielle tenester, er det ein føremon at informasjonsføresegnene i direktivet ikkje har karakter av full harmonisering, slik at ein kan halde ved lag dei reglane som gjeld i dag. Men direktivet inneheld òg svært detaljerte informasjonskrav, som då til dels vil kome i tillegg til krav i den gjeldande lovgjevinga. For å unngå at regelverket vert for omfattande og uoversiktleg, vil ein ved gjennomføringa leggje vekt på å få til ein god struktur og samordne regelverket der det er praktisk. Informasjon til brukarane vil òg vere viktig, slik at både forbrukarar og næringsdrivande kan setje seg inn i kva reglar som gjeld for dei ulike situasjonane.

Andre føresegner om avgrensingar i samband med marknadsføring og om misbruk av betalingskort er det truleg ikkje naudsynt å gjennomføre særskilt, ev. berre mindre endringar i eksisterande lovgjeving, då tilsvarande reglar følgjer av føresegnene i finansavtalelova og marknadsføringslova.