St.prp. nr. 8 (1999-2000)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 1999 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Refusjonsordninga for sysselsetting av norske sjøfolk er ei regelstyrt ordning med stikkordet overslagsløyving. Ved behandlinga av statsbudsjettet 1999 la Stortinget til grunn at ordninga skulle førast vidare for stortingsperioden med gjeldande innretning og støttesats. Det vart gitt ei løyving på 250 mill. kroner. I tillegg kunne overførte middel frå 1998 disponerast til utbetaling av refusjon i 1999, jf. St.prp. nr. 9 for 1998-99. Det overførte beløpet utgjorde 14,6 mill. kroner. Basert på eit berekna årleg løyvebehov på 300 mill. kroner vedtok Stortinget under behandlinga av St.prp. nr. 67 for 1998-99 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1999 å auke løyvinga med 35 mill. kroner til 285 mill. kroner. Dermed disponerer ein 299,6 mill. kroner til å dekkje utbetalingar under ordninga i 1999.

Utbetalingane frå ordninga er delte inn i seks terminar. Utbetalingane for dei tre første terminane i 1999 viser ein gradvis auke som skuldast at næringa har tilpassa seg den nye innretninga av ordninga. For 2. og 3. termin utgjorde utbetalinga såleis om lag 55 mill. kroner pr. termin. Det tilsvarer det terminbeløpet som er lagt til grunn i forslaget til løyving for 2000, jf. St.prp. nr. 1 for 1999-2000. Til saman er det utbetalt ca. 210 mill. kroner hittil i 1999 (4 terminar). For heile 1999 blir det dermed behov for ei tilleggsløyving på 21 mill. kroner dersom ein legg til grunn same terminbeløp (55 mill. kroner) for dei to gjenverande utbetalingsterminane i 1999.

Ut frå dette gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, post 70 Tilskot, overslagsløyving, med 21 mill. kroner, frå 285 til 306 mill. kroner på statsbudsjettet for 1999.

Kap. 953 Kings Bay AS

Post 70 Tilskot

Kings Bay AS har ei løyving på 26 mill. kroner som tilskot til drift og investeringar i 1999. Nærings- og handelsdepartementet la til grunn at bygging av eit nytt servicebygg (til ca. 25 mill. kroner) skulle prioriterast innanfor denne tilskotsramma. Det viser seg nå at bygget ikkje kan ferdigstillast i 1999. Forseinkinga gjer at dei siste utbetalingane på bygget vil finne stad i 2000. Nærings- og handelsdepartementet foreslår derfor at løyvinga for 1999 blir gjort overførbar, jf. forslag til vedtak II.

Nærings- og handelsdepartementet vil samstundes opplyse om at bygget blir dyrare enn tidlegare berekna. Departementet føreset at Kings Bay AS dekkjer restfinansieringa innanfor ramma av føreslått tilskot for 2000.

Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Det er gitt ei statleg ramme på 220 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana, jf. St.prp. nr. 9 og Innst. S. nr. 60 for 1998-99. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av middel til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1999 vart gitt av Stortinget 8. desember 1998, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1998-99, vedtak V, 2.

Ved utgangen av 1998 var det samla utbetalt om lag 170 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 1999 vil bli utbetalt inntil 45 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 215 mill. kroner pr. 31. desember 1999.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 45 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 1999 under kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Refusjon for miljøtiltak.

Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til avfallsprodukt som Norsk Koksverk A/S hadde gravd ned på tomta til NJE.

Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2000 i statsbudsjettet for 1998, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1998-99.

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av middel til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1999 vart gitt av Stortinget 8. desember 1998, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1998-99, vedtak V, 3.

Ved utgangen av 1998 var det samla utbetalt om lag 2,2 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 1999 vil bli utbetalt ca. 0,5 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 2,7 mill. kroner pr. 31. desember 1999.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på kr 500 000 som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 1999 under kap. 956 Norsk Jern Eiendom AS, post 70 Refusjon for miljøtiltak.

Kap. 957 (ny) Kongsberg Gruppen ASA

Post 90 Kjøp av aksjar

Ved Stortinget si behandling av St.prp. nr. 108 for 1991-92 Norsk Forsvarsteknologi A/S. Aksjeerverv, utvikling og kapitalstruktur, fekk Næringsdepartmentet fullmakt til å konvertere statleg aksjekapital i Norsk Forsvarsteknologi A/S (seinare Kongsberg Gruppen ASA) til ansvarleg lån. Ei slik konvertering fann stad i 1994 ved at 300 mill. kroner i aksjekapital vart gjort om til eit ansvarleg lån til selskapet, jf. St.prp. nr. 46 for 1993-94 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet for 1994. Staten har ein eigardel på 50 pst. i selskapet.

Næringsdpartementet fekk ved behandlinga av St.prp. nr. 108 og fullmakt til å nytte det ansvarlege lånet ved ein eventuell framtidig aksjeemisjon i selskapet.

Sommaren 1999 vart det gjennomført ei kapitalutviding på 30 mill. kroner i Kongsberg Gruppen ASA. I alt vart det utferda 6 mill. nye aksjar pålydande 5 kroner. Aksjane vart omsett til ein kurs på 100 kroner, og selskapet vart dermed tilført 600 mill. kroner i ny eigenkapital.

Nærings- og handelsdepartementet deltok i kapitalutvidinga ved å teikne aksjar for 300 mill. kroner. I tråd med fullmakta gitt gjennom St.prp. nr. 108 for 1991-92 finansierte departementet aksjekjøpet ved å konvertere ovannemnde statlege ansvarlege lån på 300 mill. kroner til aksjekapital. Med dette vil staten framleis ha ein eigardel på 50 pst. i selskapet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1999 vert løyvd 300 mill. kroner til aksjekjøp under kap. 957 Kongsberg Gruppen ASA, post 90 Kjøp av aksjar, jf. omtale under kap. 3957.

Kap. 3957 (ny) Kongsberg Gruppen ASA

Post 92 Tilbakebetaling av ansvarleg lån

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei inntektsløyving på 300 mill. kroner på statsbudsjettet for 1999 under nytt kap. 3957 Kongsberg Gruppen ASA, post 92 Tilbakebetaling av ansvarleg lån, jf. omtale under kap. 957.

Kap. 959 (ny) Rana Gruber AS

Post 70 Tilskot til avskriving av ansvarleg lån

Staten selde i 1991 aksjane i Rana Gruber AS til tilsette og styremedlemmer i selskapet, jf. St.prp. nr. 86 for 1990-91 Opsjonsavtale om overdragelse av Rana Gruber til de ansatte.

I samband med salet vart det gitt eit statleg ansvarleg lån til selskapet på 24,9 mill. kroner. Lånet var rente- og avdragsfritt, og det vart lagt til grunn at det skulle reduserast og slettast seinast når selskapet avslutta dagbrotdrifta. Etter anmoding frå selskapet vart det ansvarlege lånet nedskrive med 14,9 mill. kroner i 1993, jf. St.prp. nr. 78 for 1992-93 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1993.

Rana Gruber AS har nå meldt frå til departementet at dagbrotdrifta er avvikla, og bede om at staten i tråd med føresetnaden avskriv den gjenverande delen (10 mill. kroner) av det ansvarlege lånet.

Ut frå dette gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 10 mill. kroner på statsbudsjettet for 1999 under nytt kap. 959 Rana Gruber AS, post 70 Tilskot til avskriving av ansvarleg lån, jf. omtale under kap. 3959.

Kap. 3959 (ny) Rana Gruber AS

Post 91 Avskriving av ansvarleg lån

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1999 blir løyvd 10 mill. kroner under nytt kap. 3959 Rana Gruber A/S, post 91 Avskriving av ansvarleg lån, jf. omtale under kap. 959.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 90 Lån til grunnfinansieringsordninga, overslagsløyving

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 94 Lån til lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Avdrag på innlåna blir ført til inntekt under kap. 5320, jf. nedanfor. Innlån og avdrag bruttoførast. Dei foreslåtte løyvingsendringane på statsbudsjettet 1999 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognoser frå SND på innlån og avdrag ut året under dei ulike låneordningane.

Sammenlikna med vedtatt budsjett for 1999 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning under kap. 2420, post 90, med 2,050 mrd. kroner, frå 26,050 til 24,0 mrd. kroner. Løyvingar til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91, må aukast med 2,625 mrd. kroner, frå 5,5 til 8,125 mrd. kroner, medan løyvinga til innlån til SND si lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 94, må reduserast med 1,385 mrd. kroner, frå 2,750 til 1,365 mrd. kroner. Avdraga på innlåna under kap. 5320, postane 90, 91 og 92 er endra om lag tilsvarande.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansieringsordninga,

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Post 92 Avdrag på uteståande fordringar, lågrisikolåneordninga

Det vises til omtale under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansieringsordning under kap. 5320, post 90 med 2,3 mrd. kroner, frå 26,5 til 24,2 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 må aukast med 2,735 mrd. kroner, frå 5,355 til 8,090 mrd. kroner, medan løyvinga til avdrag frå SND si lågrisikolåneordning under kap. 5320, post 92 må reduserast med 1,185 mrd. kroner, frå 2,18 til 0,995 mrd. kroner.

Kap. 5620 Renter og utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 80 Renter, grunnfinansieringsordninga

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 82 Renter, lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Desse inntektspostane vart justert i samband med revidert budsjett i vår på grunnlag av reviderte renteanslag for 1999, jf. St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 263 for 1998-99. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser frå SND er det nå grunnlag for å justere opp renteinntektsløyvingane når det gjeld innlån til grunnfinansieringsordninga og risikolåneordninga. For lågrisikolåneordninga er det derimot nødvendig å foreslå ein reduksjon av renteinntektsløyvinga. Årsaka til at det er nødvendig å auke renteinntektsløyvinga for grunnfinansierings- og risikolåneordninga er høgre faktiske rentesatser ved innlån enn berekna i St.prp. nr. 67, medan reduksjonen for lågrisikolåneordninga skuldast lågare innlånsbehov enn forventa.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår at renteinntekta frå innlån til grunnfinansieringsordninga løyvd under kap. 5620, post 80 vert auka med 127 mill. kroner, frå 348 til 475 mill. kroner. Renteinntektsløyvinga frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 må aukast med 17,5 mill. kroner, frå 129,5 til 147 mill. kroner, medan renteinntektsløyvinga frå innlån til lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 82 må reduserast med 10 mill. kroner, frå 26 til 16 mill. kroner.

Kap. 2460 Garanti-Instituttet for Eksportkreditt

Post 71 Tilskot til dekking av erstatningsutbetalingar under SUS/Baltikum-ordninga

Som følgje av den finansielle krisa i Russland måtte GIEK frå april 1999 betale ut erstatningar under SUS/Baltikum-ordninga. Utbetalingane i 1999 er dekt ved ei ekstraordinær løyving på 80 mill. kroner over kap. 2460, post 71 Tilskot til dekking av erstatningsutbetalingar, jf. St.prp. nr. 47 og Innst. S. nr. 131 for 1998-99.

Om lag 66,5 mill. kroner av løyvinga er brukt, slik at det pr. dato er igjen ca. 13,5 mill. kroner. Det er ikkje noko som tyder på at det blir aktuelt med fleire erstatningsutbetalingar i 1999, og departementet foreslår at restbeløpet blir nytta til å betale ned på GIEK si trekkfullmakt i statskassa for SUS/Baltikum-ordninga. Pr. dato er saldoen på trekkfullmakta på om lag 42,7 mill. kroner.

Kap. 3950 (ny) Sydvaranger ASA

Post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån

Staten ga i 1991 A/S Sydvaranger eit ansvarleg lån på 42 mill. kroner til finansiering av investeringar i samband med selskapet sine spesialprodukt. Etter låneavtalen er lånet rente- og avdragsfritt.

Stortinget sa i 1996 seg samd i regjeringa sitt opplegg for avvikling av det statlege engasjementet i selskapet i St.prp. nr. 62 for 1995-96 Om A/S Sydvaranger og omstillingen i Sør-Varanger. Staten sitt engasjement i Sydvaranger ASA skulle etter dette opplegget opphøyre innan utgangen av 1998.

Arbeidet med avviklinga av selskapet har av ymse årsaker tatt lenger tid enn opphaveleg føresett, og Stortinget har i Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1998-99 gjort det klart at staten sitt engasjement i Sydvaranger skal avviklast snarast mogeleg og helst i 1999.

Som ledd i det pågåande avviklingsarbeidet har departementet anmoda Sydvaranger ASA om å sørgje for tilbakebetaling av det ansvarlege lånet på 42 mill. kroner innan 30. november 1999.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å løyve 42 mill. kroner under nytt kap. 3950 Sydvaranger ASA, post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån, i statsbudsjettet for 1999.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

Post 80 Utbytte

I 1996 vart det vedtatt å avvikle verksemda i Norsk Jern Holding AS (NJH) og oppløyse selskapet innan utgangen av same året.

Før avviklinga sette selskapet av 50 mill. kroner som sikkerheit for omtvista og usikre krav og moglege seinare skyldnader. Elkem ASA skulle forvalte det avsette beløpet på vegne av dei tidlegare aksjonærane i NJH på grunnlag av ei administrasjonsavtale. Elkem ASA var største aksjonær i NJH med ein eigardel på 45 pst. Staten sin eigardel var 20 pst. Administrasjonsavtala går ut 31.12.99, og gjenståande middel frå ovannemnde «avsettingsfond» er føresett tilbakebetalt pro rata til aksjonærane på avviklingstidspunktet.

Det har berre vore mindre utbetalingar frå «avsettingsfondet», og i følgje Elkem ASA vil det stå att ca. 46,5 mill. kroner pr. 31.12.99. Staten sin del utgjer ca. 9 mill. kroner og vil bli tilbakeført til statskassa innan utgangen av 1999.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga under kap. 5656 Aksjar under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting, post 80 Utbytte med 9 mill. kroner, frå 1 257 til 1 266 mill. kroner på statsbudsjettet for 1999.

Sal av aksjar i Norsk Vekst ASA

I statsbudsjettet for 1999 er det føresett at staten sine aksjar i Norsk Vekst ASA skal selgast innan utgangen av inneverande år. Staten har ein eigardel i Norsk Vekst ASA på 19,7 pst. Kursen på aksjane i selskapet har hatt ei negativ utvikling siste halvåret, og Nærings- og handelsdepartementet tar følgjeleg ikkje sikte på å selje aksjane i 1999. I St.prp. nr. 1 for 1999-2000 har departementet lagt til grunn at aksjeporteføljen skal avhendast på eit tidspunkt som er gunstig for staten.

Sal av aksjane i Venturefondet

Venturefondet har eigardelar i seks regionale ventureselskap. I samband med revidert nasjonalbudsjett 1999 vart det vedtatt at Venturefondet sine aksjar i desse selskapa skulle leggjast ut for sal. Nærings- og handelsdepartementet fekk i vår gjennomført ei vurdering av verdiane i Venturefondet og har i haust engasjert eit konsulentfirma som skal leggje til rette og gjennomføre salet. Nærings- og handelsdepartementet la i St.prp. nr. 1 for 1999-2000 opp til å fremje inntektsløyving for salet av staten sine aksjar i Venturefondet i endringsproposisjonen for statsbudsjettet 1999 i haust. Mest truleg let ikkje salet seg gjennomføre på ein forsvarleg måte innan årsskiftet, slik at departementet vil måtte komme tilbake med forslag om inntektsløyving ved eit seinare høve, i 2000.

Til forsida