St.prp. nr. 83 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 69/1999 av 28. mai 1999 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-landa si deltaking i EU-programmet PROMISE

Til innhaldsliste

3 Vedtaket i EØS-komiteen

Som ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS gjorde EØS-komiteen 28. mai 1999 vedtak om å endre Protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar PROMISE-programmet. Vedtaket vart teke med atterhald om endeleg stadfesting frå EU-siden innan 2. juni 1999. Dette er ein rein formalitet, og skuldast at vedtaket skal godkjennast i Rådet. Vedtaket inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtalen gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 98/253/EF om vedtaking av eit fleirårig fellesskapsprogram for å stimulere innføringa av informasjonssamfunnet i Europa, skal innlemmast som eit nytt strekpunkt i Protokoll 31 artikkel 2 nr 5.

Artikkel 2 bestemmer at vedtaket tek til å gjelde 29. mai 1999, under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene i medhald av artikkel 103 nr 1 i EØS-avtala. Vedtaket får verknad frå 1. januar 1998.

Artikkel 3 seier at vedtaket i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.