St.prp. nr. 87 (2008-2009)

Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Til innhaldsliste

2 Status i prosjektet

Sjølv etter rammeutvidinga i 2007 har prosjektet hatt ein stram økonomi, og i St.prp. nr. 1 (2008-2009) vart det orientert om at prosjektet er i ein krevjande økonomisk situasjon.

Det er gjort ein ny gjennomgang av prosjektet. Gjennomgangen har vist at det ikkje er mogleg å fullføre prosjektet innanfor gjeldande kostnadsramme. Prognosert sluttkostnad er no 1 310,4 mill. kroner (P50) og 1 357,5 mill. kroner (P85). Samanlikna med eksisterande kostnadsramme inneber det ei overskriding på  104,4 mill. kroner for P50 og  151,5 mill. kroner for P85. Store delar av eksisterande ramme er forplikta. Prosjektet må difor trappast ned frå og med sommaren i år, om kostnadsramma ikkje vert utvida før den tid. Statsbygg har tilrådd at kostnadsramma og styringsramma vert utvida til 1 357,5 mill. kroner og 1 310,4 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009.

Det er venta at utbetalingane i prosjektet vert 57,2 mill. kroner høgare i 2009, enn det som er lagt til grunn i saldert budsjett 2009. Det er difor i St. prp. nr. 67 (2008-2009) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2009 gjort framlegg om ein auke av løyvinga til prosjektet på 57,2 mill. kroner.

Den viktigaste årsaka for å auke kostnadsramma er at innsparingane som vart gjort i samband med rammeutvidinga i 2007, fekk uventa konsekvensar for andre delar av prosjektet. Mellom anna førte endringar i bygningsentreprisane til meir krevjande løysingar og montasjeforhold for dei tekniske entreprisane (VVS og elektro). Utgiftene til prosjektering (omprosjektering pga. innsparingstiltaka) og til prosjektleiing og byggeleiing vart òg vesentleg høgare enn det som til no har vore venta. Det ligg òg føre tvist om delar av entreprisane. Vidare vil utgiftene til opparbeiding av tomt rundt bygget verte vesentleg høgare enn det som vart lagt til grunn då kostnadsramma vart sett.

Til forsida