St.prp. nr. 89 (2000-2001)

Om trygdeoppgjeret 2001

Til innhaldsliste

4 Nærmare om utviklinga dei seinare åra

Frå 1995 til 2000 har auken i grunnbeløpet vore noko svakare enn lønsveksten for yrkesaktive (jf. tabell 4.1). Men minstepensjonen både for einslege og for ektepar har auka sterkare enn lønene. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløp og inntekter for minstepensjonistar og lønstakarar og gjennomsnittleg alders- og uførepensjon 1995 - 2000. Prosentvis endring frå året før og årleg gjennomsnitt i perioden 1995-2000

199619971998199920001995-2000
Grunnbeløp4,03,95,84,54,24,5
Minstepensjon for einslege14,04,713,27,64,26,7
Minstepensjon for ektepar14,04,814,68,14,27,1
Arb. i LO/NHO-området4,24,36,24,94,524,8
Statstilsette4,44,36,44,74,54,9
Kommunetilsette4,43,95,95,04,04,6
Lønstakarar i alt4,44,36,24,94,54,9
Alderspensjon i gj.snitt.5,45,59,36,25,06,3
Uførepensjon i gj.snitt4,95,18,64,74,05,4

1 Dei åra der endringa i minstepensjon avvik frå endringa i grunnbeløpet skuldast det auke i særtilleggssatsen.

2 I førebels rapport av 28. mars 2001 frå Det tekniske berekningsutvalet blei lønsveksten vurdert til 4,7 pst jf. protokoll frå møtet 5. april, vedlegg 2.

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket og Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda auka med kr 1 580 frå 1. mai 1999 og med kr 2 140 frå 1. mai 2000. Den ordinære satsen for særtillegget i folketrygda auka frå 1. mai 1997 til 63,2 pst. av grunnbeløpet og frå 1. mai 1998 til 79,33 pst. Minstesatsen for særtillegget vart på same tid auka til 57,5 og 74 pst.

Frå 1999 til 2000 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane, og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 4,2 pst. Med ei prisstigning på 3,1 pst. gav det ein realvekst i pensjonane.

I følgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 1999 til 2000 på om lag 41/2 pst. for alle grupper under eitt (jf. NOU 2001:17). Lønsveksten for arbeidarar i LO/NHO-området og for statstilsette var 4,5 pst. og for kommunetilsette 4,0 pst.

I Revidert nasjonalbudsjett 2001 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2000 til 2001 på om lag 4,5 pst. for alle grupper under eitt. Lønsveksten i skoleverket er høgare enn lønsveksten for andre grupper. Dette skuldast det særskilde oppgjeret for skoleverket som må sjåast i samanheng med arbeidet for å ruste opp skolen og betre rekrutteringa til læraryrket. Dei særskilde elementa i oppgjeret for skoleverket, dvs. endringar i arbeidstidsavtalen og kompensasjon for ikkje å ta ut to ekstra feriedagar, utgjer om lag 0,2 prosentpoeng av samla lønsvekst for alle grupper.

For arbeidarar i LO/NHO-området vil lønsoverhenget inn i 2001 og dei sentrale tillegga gje eit bidrag til veksten i årsløna frå 2000 til 2001 på om lag 3 pst. I tillegg kjem bidrag frå gliding i lønene som i seinare år har vore om lag 1,7 pst. i gjennomsnitt per år.

I staten og i kommunane er bidraget til veksten i årsløn frå 2000 til 2001 før gliding på om lag 31/2 pst. i staten og om lag 3 pst. i kommunane. Glidinga i offentleg sektor er klart lågare enn i privat sektor. Bidraget frå lønsgliding har i dei seinare åra i gjennomsnitt vore om lag 0,6 pst. per år i staten og om lag 0,4 pst. i kommunane.

Den tariffesta auken i feriedagar bidreg til å auke kostnadsveksten med om lag 0,8 prosentpoeng i 2001. Kostnadene ved auka ferie inngår ikkje i årslønnsveksten.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,6 pst. frå 2000 til 2001. Minstepensjonen vil auke med kr 4 068 til kr 92 100 for einslege og med kr 7 008 til kr 158 520 for ektepar per 1. mai 2001, jf. tabell 3.1.

I Revidert nasjonalbudsjett 2001 er det lagt til grunn ein prisvekst frå 2000 til 2001 på om lag 3 pst. Ei slik utvikling vil gi ein klar realvekst i pensjonane i år òg.

Tabell 4.2. viser pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Gruppene med låg inntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.

Tabell 4.2 Nettopensjondekningsprosent i 2000 for pensjonistar som vart alderspensjonistar i 2000 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.

Brutto lønsinntekt. Kroner
145 131193 508241 885338 639
Sluttpoengtall
2,003,004,005,33/6,0
Br.pensj. for einslege, 1933-kullet. Kr87 636107 268126 900162 240
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr90 828112 044133 272175 728
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr89 004109 332129 648156 672
Netto pensjonsdekningsprosent
Einslege
1933-kullet80726559
1940-kullet83746763
1975-kullet81726657
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)
1933-kullet1271089680
1940-kullet1281109883
1975-kullet1271099679
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år)
1933-kullet95888370
1940-kullet98918672
1975-kullet96898569

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket

I vedlegg til proposisjonen framgår den historiske utviklinga av pensjonane m.v. Tabellane i vedlegget viser m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det framgår at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som må sjåast i samanheng med opptrapping av særtilleggssatsane.