St.prp. nr. 9 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2001/96/EF om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

I det gjeldande regelverket er det ikkje fastsett reglar med omsyn til lasting og lossing av tørrbulkskip ved bulkterminalar med sikte på å sikre sjødugleiken til skipa. På denne bakgrunnen krevst det ei endring av lova av 8. juni 1984 nr. 51 om hamner og farvatn osv., i tillegg til fastsetjing av ei ny forskrift med heimel i denne lova.

Fiskeridepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om naudsynte lovendringar.

Til forsida