St.prp. nr. 91 (2008-2009)

Om endring i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet (tilskot til regionale flyplassar)

Til innhaldsliste

2 Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

Post 70 Tilskot til Avinors regionale flyplassar

Avinor har stort investeringsbehov dei neste åra, og selskapet har utfordringar med å finansiere alle investeringane. Finanskrisa har forsterka utfordringane. I lys av trafikknedgangen og svikten i inntektene som følgje av finanskrisa, kjem Avinor til å investere mindre enn tidlegare planlagt i 2009. Avinor har varsla at selskapet mellombels vil utsetje utbetringar på fem lufthamner (Bergen/Flesland, Sandane/Anda, Kristiansund/Kvernberget, Røst og Tromsø/Langnes). Konsekvensen av dette kan vere at Luftfartstilsynet gjev pålegg om kompenserande tiltak som kan redusere transportstandarden på desse lufthamnene.

Samferdselsdepartementet vil vise til at luftfarten og lufthamnene er viktige for å oppnå regional utviking og for å oppretthalde busetjinga og sysselsetjinga i alle delar av landet.

Samferdselsdepartementet føreslår at Stortinget løyver eit ekstraordinært investeringstilskot til Avinor i 2009 på 150 millionar kroner som skal medverke til at Avinor kan gjennomføre dei tryggleiksinvesteringane som selskapet tidlegare har varsla at vil bli utsette.

Til forsida