St.prp. nr. 93 (2000-2001)

Om endringar i statsbudsjettet for 2001 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Det ordinære avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli. Fordi fastlegeordninga blir innført 1. juni 2001, er avtaletidspunktet for legeavtalen framskunda til 1. juni. Avtalen mellom staten, Kommunenes Sentralforbund og Den norske lægeforening for tidsrommet 1. juni 2001 - 30. juni 2002 er omtala i St.prp. nr. 65 (2000-2001), der dei budsjettmessige konsekvensane av avtalen for 2001 er lagde fram.

Ved oppgjera per 1. juli 2000 blei det gitt tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 4,0 pst. for fysioterapeutane og 4,1 pst. for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2001 - 30. juni 2002. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For fysioterapeutane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og driftstilskot med 4,7 pst. og for psykologane ein auke med 4,0 pst. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2001. Skilnaden i rammeauke for dei to gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 2001, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Ved handsaminga av budsjettet for 2001 vedtok Stortinget at eigendelane for fysioterapi og psykologhjelp skal auke med 4,5 pst. frå 1. juli 2001. Det er teke omsyn til justeringa i løyvingane til refusjonar for 2001. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalene får difor full verknad på refusjonane.