St.prp. nr. 95 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/1999 av 2. juni 1999 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (1998-2000)

Til innhaldsliste

3 EØS-komiteen sitt vedtak

Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 2. juni 1999 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at EFTA-landa skal delta i ei verksemd med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet. Vedtaket inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98 som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 i EØS-komiteen sitt vedtak slår fast at rådsavgjerd nr. 98/171/EF av 23. februar 1998 om verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet vert lagd til i protokoll 31 artikkel 15 nr. 5 - 8 av EØS-avtala.

Artikkel 2 slår fast at vedtaket skal gjelde frå 1. januar 1999 under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 2. juni 1999 tok avgjerda om å innlemme verksemda i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.