St.prp. nr. 95 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/1999 av 2. juni 1999 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (1998-2000)

Til innhaldsliste

2 Rådsavgjerd av 23. februar 1998 om verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (98/171/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 235,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,11

med tilvisning til fråsegna frå Europaparlamentet22

og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet har gjeve fråsegnene sine høvesvis 26. oktober 199533

    og 8. november 1995.

  2. I samsvar med artikkel 118 i traktaten har Kommisjonen til oppgåve å fremje eit nært samarbeid mellom medlemsstatane på det sosiale området, særleg når det gjeld sysselsetjing og yrkesretta opplæring.

  3. I programmet sitt for sosialpolitisk handling på mellomlang sikt har Kommisjonen gjort kjent at han vil gjere framlegg om ein ny metode for verksemda si med omsyn til analyse, forsking, samarbeid og tiltak som kan føre til eit nærare og meir effektivt samarbeid mellom han sjølv og medlemsstatane om politikken på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet og fremje rasjonalisering av forskingsarbeidet hans og anna verksemd innanfor sysselsetjingspolitikken.

  4. Under møtet sitt i Amsterdam 16.-17. juni 1997 merkte Det europeiske rådet seg at det var oppnådd semje om å ta inn i traktaten ei ny avdeling om sysselsetjing, utan at dette rører ved framgangsmåtane for ratifikasjon. Det europeiske rådet peika på at Rådet bør leggje vinn på å setje i verk dei aktuelle føresegnene i denne avdelinga straks. I resolusjonen sin om vekst og sysselsetjing stadfesta Det europeiske rådet at det er tvingande naudsynt å gje nye impulsar for å sikre at sysselsetjing alltid står øvst på den politiske dagsordenen til Den europeiske unionen, og minte samstundes om konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Essen, initiativet «Sysselsetjingstiltak - ei tillitspakt» frå Kommisjonen og fråsegna om sysselsetjing frå møtet i Dublin 13.-14. desember 1996.

  5. I arbeidslivs- og sosialsaker og i økonomi- og finansspørsmål er Rådet saman med Kommisjonen vorte oppmoda om å følgje utviklinga nøye når det gjeld sysselsetjing og å granske den aktuelle politikken til medlemsstatane.

  6. Verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet bør fremjast. Den verksemda som er fastsett i denne avgjerda, omfattar ei fornying og rasjonalisering av fellesskapstiltaka på dette området. Det er føremålstenleg at sysselsetjings- og arbeidsmarknadsstatistikkar vert samla inn, analyserte og lagde fram etter kjønn.

  7. Kommisjonen bør gjevast den makta som er naudsynt for å gjennomføre denne politikken.

  8. I samsvar med konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Amsterdam og utan at det rører ved det ansvaret som medlemsstatane har for å fremje sysselsetjinga, kan denne metoden skape ein tilleggsverdi for Fellesskapet ved at han medverkar til å identifisere og stimulere den beste praksisen og politikken, fremje nyskaping og utveksle relevante røynsler. Denne politikken må utfyllast med ein aktiv opplysningspolitikk.

  9. Innan denne ramma har Det europeiske rådet oppmoda medlemsstatane om å føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk og har samstundes understreka det svært viktige sambandet mellom skaping av arbeidsplassar, formidlingsklar arbeidskraft og sosial utjamning.

  10. Det er viktig å skipe høvelege samband med Sysselsetjings- og arbeidsmarknadsutvalet, som vart oppnemnt ved avgjerd 97/16/EF44

    , og med partane i arbeidslivet.

  11. I denne avgjerda er det ført opp ein finansiell referansesum, slik det er definert i punkt 2 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995, utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av traktaten.

  12. I samsvar med den felles fråsegna av 30. juni 198255

    og med den tverrinstitusjonelle avtala av 29. oktober 1993 om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming66

    må dei tiltaka som vert gjorde på initiativ frå Kommisjonen, ha eit rettsleg grunnlag.

  13. I traktaten er det berre artikkel 235 som gjev heimel for å vedta denne avgjerda -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Fastsetjing av verksemda til Fellesskapet

1. Verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid mellom medlemsstatane på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet vert fastsett for tidsrommet 1. januar 1998-31. desember 2000.

2. I samsvar med dei retningslinjene som er fastlagde av Det europeiske rådet, skal denne verksemda medverke til utviklinga av ein samordna strategi for sysselsetjing gjennom overvaking av og støtte til tiltak som vert gjorde i medlemsstatane, samstundes som det vert teke omsyn til det ansvaret som medlemsstatane har på dette området.

Artikkel 2

Mål

1. Den verksemda som er nemnd i denne avgjerda, omfattar ei fornying og rasjonalisering av fellesskapstiltaka med omsyn til analyse, forsking og utveksling av opplysningar og røynsler på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet, samstundes som det vert teke omsyn til røynslene frå tidlegare tiltak.

2. Målet med verksemda er

  • å fremje samarbeidet om analyse, forsking og overvaking,

  • å identifisere den beste praksisen og fremje utveksling og overføring av opplysningar og røynsler,

  • å utvikle ein aktiv opplysningspolitikk.

Artikkel 3

Fellesskapstiltak

1. For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 2, samstundes som det vert teke omsyn til konklusjonane til Det europeiske rådet om sysselsetjing, skal det gjennom den verksemda som er nemnd i denne avgjerda, i samarbeid med dei aktuelle aktørane, medrekna partane i arbeidslivet, utviklast ein integrert metode på høveleg plan i medlemsstatane ved å gjennomføre følgjande tiltak:

  1. utvikling av observasjon, analyse, forsking og overvaking av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane og av framgangen som er gjord på arbeidsmarknaden deira,

  2. fremjing av utveksling av opplysningar, røynsler og best praksis gjennom metodologisk og fagleg støtte,

  3. snøgg spreiing av resultata av dei initiativa som er gjorde, og av alle andre relevante opplysningar.

2. Med tanke på dette skal Kommisjonen især syte for å fremje identifisering, overføring og spreiing av tiltak som direkte eller indirekte hjelper visse grupper som er særleg råka av arbeidsløyse, først og fremst unge, kvinner og eldre, så vel som dei som er råka av langvarig arbeidsløyse.

3. Ved gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i nr. 1, skal Kommisjonen ta omsyn til dei statistiske opplysningane, granskingane og prosjektrapportane som er tilgjengelege frå internasjonale organisasjonar som Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

Artikkel 4

Samanheng og komplementaritet

Kommisjonen og medlemsstatane skal syte for at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som vert gjennomførde innan ramma av denne avgjerda, og dei andre aktuelle fellesskapsprogramma og -initiativa.

Artikkel 5

Deltaking for andre statar

1. Den verksemda som statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (SSAE), Kypros og Malta og dei middelhavsstatane som er partnar med Den europeiske unionen, vil kunne ta del i, skal definerast innan ramma av sambandet mellom Den europeiske unionen og desse statane.

2. Utgiftene til den deltakinga som er nemnd i nr. 1, skal dekkjast anten av dei statane det gjeld, eller over dei kapitla i fellesskapsbudsjettet som gjeld gjennomføring av samarbeids-, assosierings- eller partnarskapsavtaler med desse statane på det aktuelle området.

Artikkel 6

Gjennomføring

Kommisjonen skal gjennomføre verksemda i samsvar med denne avgjerda.

Artikkel 7

Utval

1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

2. Utvalet skal komme med fråsegner om følgjande:

    • overordna retningslinjer for den fellesskapsverksemda som er nemnd i denne avgjerda,

    • det årlege arbeidsprogrammet og spørsmål om fordelinga av midlane til den verksemda som er nemnd i denne avgjerda,

    • nærmare reglar for utveljing av verksemd som Fellesskapet skal støtte, kriterium for overvaking og vurdering av slik verksemd både som einskilde tiltak og samla, og nærmare reglar for spreiing og overføring av resultata.

3. Når det gjeld dei sakene som er nemnde i nr. 2 bokstav a), skal representanten for Kommisjonen leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som er fastsett i artikkel 148 nr. 2 i traktaten for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den nemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

Kommisjonen skal vedta tiltak som skal setjast i verk straks. Dersom tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet, skal Kommisjonen straks gje Rådet melding om dei. I slike høve

  • skal Kommisjonen utsetje iverksetjinga av dei tiltaka som han har vedteke, i to månader,

  • kan Rådet med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan den fristen som er fastsett i første strekpunktet.

4. Når det gjeld dei sakene som er nemnde i nr. 2 bokstav b), skal representanten for Kommisjonen leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet, om naudsynt ved røysting, innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar.

Fråsegna skal protokollførast; i tillegg skal kvar medlemsstat ha rett til å be om å få standpunktet sitt protokollført.

Kommisjonen skal ta mest mogleg omsyn til fråsegna frå utvalet. Kommisjonen skal melde frå til utvalet om korleis han har teke omsyn til fråsegna.

Artikkel 8

Samband som skal skipast

Kommisjonen skal skipe naudsynte samband med Sysselsetjings- og arbeidsmarknadsutvalet og med partane i arbeidslivet innan ramma av den verksemda som er nemnd i denne avgjerda.

Kommisjonen skal på oppmoding frå partane i europeisk arbeidsliv gje dei melding om resultata av verksemda til det utvalet som er nemnt i artikkel 7.

Artikkel 9

Finansiering

1. Den finansielle referansesummen for gjennomføring av den fellesskapsverksemda som er nemnd i denne avgjerda, er 30 millionar ECU for tidsrommet 1. januar 1998 - 31. desember 2000.

2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 10

Rapportar

Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein førebels rapport om resultata av verksemda innan 31. desember 1999 og ein sluttrapport innan 31. desember 2001.

Artikkel 11

Denne avgjerda skal kunngjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 23. februar 1998.

For Rådet

R. COOK

Formann

Fotnotar

1.

TEF C 235 av 9.9.1995, s. 8, og TEF C 342 av 14.11.1996, s. 6.

2.

TEF C 166 av 10.6.1996, s. 179.

3.

TEF C 18 av 22.1.1996, s. 109.

4.

TEF L 6 av 10.1.1997, s. 32.

5.

TEF C 194 av 28.7.1982, s. 1.

6.

TEF C 331 av 7.12.1993, s. 1.