St.prp. nr. 97 (2000-2001)

Om samtykke til inngåing av avtale av 23. mars 1986 om oppretting av Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC)

Til innhaldsliste

2 Nærare om Det interamerikanske investeringsselskapet (IIC)

2.1 Bakgrunn

IIC er ei sjølvstendig eining i IDB-gruppa. IDB vart oppretta den 8. april 1959 med det formål å medverke til å fremje den økonomiske og sosiale utviklinga i dei latinamerikanske medlemslanda. Noreg tiltredde avtalen om oppretting av IDB den 22. november 1985, jf. St.prp. nr. 25 (1985-86) og Innst. S. nr. 236 (1985-86), etter tilråding frå Departementet for utviklingshjelp. IDB-gruppa har ein svært høg profil i Latin-Amerika, og er i dag største multilaterale långjevar i regionen. IDB har fått ei særs viktig rolle i Mellom-Amerika, der organisasjonen har overteke leiarskapen i dei konsultative gruppemøta for mellom anna Noregs viktigaste samarbeidsland i regionen, Nicaragua og Guatemala.

2.2 IIC - formål og funksjonar

I tråd med artikkel I i avtalen om oppretting av IIC arbeider IIC for å fremje økonomisk utvikling i dei regionale medlemslanda gjennom å stimulere til vekst i og modernisering av privat sektor. For å oppfylle si målsetjing, tilbyr IIC - åleine eller i samarbeid med andre långjevarar og investorar - finansiering i form av lån og eigenkapitalinvesteringar til private bedrifter. Det er eit krav at det ikkje skal vere statlege garantiar for den finansieringa som vert tilbydd. I tillegg til å yte finansiell assistanse tilbyr IIC rådgjevingstenester innan finansiering og omorganisering mot betaling. IIC skal også verke som katalysator for å gje private bedrifter auka tilgang til teknologi og kunnskap og til privat og offentleg kapital både frå nasjonale og internasjonale kjelder.

2.3 Kapital og stemmefordeling

Med støtte frå eit kvalifisert fleirtal av medlemmene i IIC (tre firedelar eller meir) vedtok IIC under årsmøtet i IDB-gruppa i 1999 ei kapitalutviding, slik artikkel II i avtalen gjev høve til. Etter kapitalutvidinga har IIC ein samla aksjekapital på nærare USD 700 millionar. Latin-Amerika og Karibia har aksjemajoriteten med aksjar for til saman USD 370 millionar, som tilsvarer 52,67 prosent av det samla stemmetalet. USA vil ha aksjar for USD 176 millionar, som utgjer 25,01 prosent av stemmene. Ikkje-regionale land vil ha aksjar for USD 157 millionar, som til saman svarer til 22,32 prosent av stemmene.

Noreg og dei andre nye nordiske medlemslanda har fått tilbod om medlemskap med ein aksjepost på 0,56 prosent kvar, noko som overstig vår aksjepost i IDB på 0,17 prosent. Vidare har Noreg forhandla seg fram til eit valgruppesamarbeid med dei andre nordiske landa, slik vi har i dei fleste multilaterale finansinstitusjonane der Noreg er medlem. I tillegg vil Frankrike og Sveits delta i valgruppa. Ein slik aksjepost og ei slik valgruppeordning vil vere eit godt grunnlag for innverknad i institusjonen. Dei nordiske landa oppnår halvparten av den samla aksjeposten i valgruppa, og er sikra periodevis tilgang til leiarvervet for valgruppa. Felles nordiske posisjonar vil bli utvikla gjennom ein tett koordineringsprosess, på same måten som i dei andre multilaterale finansinstitusjonane.

Etter at medlemslanda har innbetalt sin avtala del av aksjekapitalen, kan IIC i følgje artikkel II i avtalen - med støtte frå eit kvalifisert fleirtal av IIC-medlemmene (tre firedelar eller meir) - også be medlemslanda stille til rådvelde garantert kapital dersom dette vert sett som nødvendig. Artikkel II i avtalen opnar også for ytterlegare ordinære kapitalutvidingar.

2.4 Verksemda i IIC

Sidan verksemda starta opp i 1989, har IIC investert USD 530 millionar i prosjekt i over 1 300 bedrifter. I tillegg har IIC mobilisert ytterlegare USD 400 millionar i samfinansieringsmidlar. Til saman har dette medført at prosjekt til ein verdi av meir enn USD 3 milliardar blir eller er blitt gjennomførte som følgje av investeringar IIC har gjort. 85 prosent av IIC-porteføljen er knytt til små og mellomstore bedrifter. Prosjekt som IIC har investert i, har medverka til meir enn 100 000 nye arbeidsplassar og nærare USD 700 millionar i valutainntekter til regionen.

Etter artikkel III i avtalen må bedrifter som søkjer om midlar frå IIC, dokumentere at prosjektet det vert søkt om midlar til gjev god økonomisk avkastning. Prosjekt som medverkar til utvikling i form av nye arbeidsplassar, generering av valutainntekter, tilførsel av ressursar og teknologi, forbetring av lokale leiingskunnskapar og ein breiare eigarskap i bedriftene, har prioritet. I tillegg prioriterer ein prosjekt som fremjar økonomisk integrasjon mellom Latin-Amerika og Karibia. Bedrifter som får tilgang til finansiering frå IIC, skal helst vere meir enn 50 prosent eigde av statsborgarar frå latinamerikanske land. I tråd med IIC sin miljøpolitikk må prosjekt som kan ha negative miljøkonsekvensar, dokumentere tiltak for å hindre desse.

Trass i dei gode resultata i prosjektporteføljen er IIC blitt kritisert for at prosjekta i for liten grad har ført til fattigdomsreduksjon i Latin-Amerika. IIC måler utviklingseffekten først og fremst i talet på nye arbeidsplassar, og det vert ikkje gjort noka systematisk evaluering av den fattigdomsreduserande effekten av IIC-finansierte prosjekt. Som ledd i den føreslåtte kapitalutvidinga i IIC, har organisasjonen utvikla ein 10-årsplan for verksemda, som mellom anna inneber auka satsing på miljøvennlege prosjekt og prosjekt med større utviklingseffekt. Vidare vil ein arbeide for å auke den noverande investeringsgraden på 25 prosent og i staden redusere låneverksemda. IIC har også forplikta seg til auka satsing i dei fattigare landa i regionen, spesielt dei som ikkje har tilgang til dei internasjonale kapitalmarknadene.

2.5 Oppbygginga av IIC

Etter artikkel IV skal det øvste styrande organet i IIC, rådet, vere samansett av guvernørane som medlemslanda i IIC vel til IDB, så sant medlemslandet ikkje ønskjer å velje ein annan representant. Rådet møtest årleg i samband med årsmøtet i IDB-gruppa. Det er berre rådet som har høve til å gjere endringar i IIC-avtalen (jf. artikkel VIII i avtalen), vedta kapitalutvidingar, opne for nye medlemmer og setje i verk andre djuptgripande endringar.

Eit styre tek seg av den daglege drifta i IIC. Det er åtskilt frå styret i IDB og har ei anna valgruppeinndeling. Men styret, som har 13 plassar, hentar sine medlemmer frå styret i IDB. Etter artikkel IV i avtalen har den største aksjeeigaren (USA) ein eigen eksekutivdirektør, dei regionale landa er representerte med ni eksekutivdirektørar, mens dei ikkje-regionale landa er representerte med tre eksekutivdirektørar. Kvart land har ei stemmevekt i styret tilsvarande talet på aksjar som landet har innbetalt og garantert. Vedtak i styret må ha støtte frå eit fleirtal i styret.

Artikkel IV i avtalen slår fast at IIC er ein sjølvstendig institusjon i IDB-gruppa, og at kapitalen i IIC skal vere åtskild frå kapitalen i IDB.

Dei fleste medlemslanda i IDB er også medlemmer av IIC. Unntaket frå dette har til nyleg vore Belgia, Portugal, dei nordiske landa (med unntak av Danmark, som vart medlem i IIC i 1998), Canada og Storbritannia. I samband med den nyleg vedtekne kapitalutvidinga på USD 500 millionar vart det opna for opptak av nye medlemmer. Belgia, Portugal, Sverige, Finland og Noreg valde å bli medlemmer. Canada og Storbritannia valde ikkje å søkje om medlemskap; Canada fordi ein ikkje fekk eige sete i styret, Storbritannia fordi ein etter ei samla vurdering ikkje fann institusjonen tilstrekkeleg utviklingsorientert.

2.6 Oppheving av medlemskap i investeringsselskapet IIC

Etter artikkel V i avtalen kan eit medlemsland om det ønskjer det, seie opp medlemskapen i IIC med seks månaders varsel. Det aktuelle medlemslandet vil likevel bli ståande finansielt ansvarleg for operasjonar som er igangsette før det er gjeve notifikasjon om oppseiing av medlemskapen. Dette ansvaret gjeld òg for andre skyldnader som medlemslandet måtte ha til IIC. Ved oppseiing av medlemskapen vil IIC kjøpe tilbake aksjane til det aktuelle medlemslandet til den pris dei to partane einast om, eller til bokført verdi av aksjane den dagen medlemskapen opphøyrer.

Medlemsland kan òg suspenderast dersom eit kvalifisert fleirtal (tre firedelar) av rådet einast om dette.

2.7 Rettsleg status, immunitet og privilegium

Artikkel VII i avtalen fastset at IIC skal tilkjennast rettsleg status, immunitet og privilegium i det omfang som er nødvendig for at organisasjonen skal kunne utføre sine oppgåver. Særleg skal organisasjonen ha evne til å inngå kontrakt, disponere over fast eigedom og delta i rettslege prosessar. Arkiva til organisasjonen, men også eigedommar og eigedelar elles, har immunitet etter artikkel VII, høvesvis nr. 5 og nr. 4, mens nr. 7 slår fast retten til fri kommunikasjon. Etter artikkel VII nr. 8 kan tilsette i organisasjonen ikkje rettsforfølgjast på grunnlag av tenestehandlingar. Nr. 9 inneheld reglar om skattefritak for organisasjonen og dei tilsette. Etter nr. 9 b) gjeld fritaket for inntektsskatt ikkje for eigne borgarar.

2.8 Avtaletolking og tvisteløysing

Artikkel IX fastset at spørsmål om tolking av føresegnene i avtalen skal avgjerast av styret. Styrevedtak om tolking kan i visse tilfelle leggjast fram for rådet. Dersom visse vilkår er oppfylte, kan ein tvist avgjerast ved skilsdom.

2.9 Sluttføresegner

Etter artikkel XI nr. 1 bokstav c) i avtalen kan banken ta imot underteikningar og godtakings- og ratifikasjonsdokument for denne avtalen på eller etter datoen då selskapet startar drifta, frå alle medlemsland i IDB som er godkjende medlemmer etter artikkel II nr. 1 bokstav b).

Artikkel II nr. 1 bokstav b) seier at dei andre medlemslanda i IDB og ikkje-medlemsland i IDB kan tiltre denne avtalen når og på dei vilkår rådet i selskapet måtte vedta med eit fleirtal som representerer minst to tredelar av stemmene til medlemmene, og som skal omfatte to tredelar av rådsmedlemmene.

Etter artikkel XI nr. 2 bokstav a) trer avtalen i kraft for nye medlemsland på datoen då godtakings- eller ratifikasjonsinstrumentet deira er deponert.