10 millionar til vidareutdanning i digital kompetanse

I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa 10 millionar kroner til utvikling av løysingar som sikrar påfyll av digital kompetanse i arbeidslivet. – Dette er ein start på kompetansereforma til regjeringa. Vi skal sikre at ingen går ut på dato, og at fleire kan stå i jobb lengre med oppdatert kunnskap. Dei første tilboda skal vere på plass i 2019, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Målet med dei 10 millionane er å sørge for at det blir lettare for norske arbeidstakarar å få påfyll av den digitale kompetansen dei treng. Satsinga skal sørge for framtidsretta vidareutdanningstilbod som er relevante for arbeids- og næringslivet, og bidra til å gjere bedriftene meir produktive og konkurransedyktige.

– Det blir stilt stadig større krav til digital kompetanse i arbeidslivet. Det kan vere fagarbeidarar i industrien som skal endre arbeidsmetode, ein bankmedarbeidarar som treng vidareutdanning i IKT for å bruke ny teknologi eller ein teknolog som treng oppdatering innanfor IKT-sikkerheit eller kunstig intelligens, seier Sanner.

Utvikles i samarbeid med næringslivet Tekna melder om at tre av fire av medlemmene deira sjølv meiner dei har behov for kompetanseheving innan digitale område for å meistre nye oppgåver. I ei anna spørjeundersøking framkom det at éin av tre nordmenn ikkje har tilstrekkelege IT-ferdigheiter i noverande jobb.

– Det er viktig at vidareutdanningstilboda blir utvikla i tett samarbeid med næringsliv som kjenner utfordringane og behova best. Vi treng fleksible og raske vidareutdanningstilbod innan teknologi og digitale løysingar som også er mogeleg å kombinera med jobb og familieliv, seier Sanner.

Tilboda skal kunne gjennomførast med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Digitale endringar gir auka behov for både spissa og brei digital kompetanse. Dei nye tilboda skal supplere tradisjonell opplæring. Regjeringa har i tillegg tildelt midlar til over 1500 nye IKT-studieplasser dei siste tre åra som fullt trappa opp motsvarar nesten 6 000 nye studieplassar frå 2022, og vil frå 2020 ha eit ege IKT-yrkesfag på vidaregåande.

Eige kompetansebehovsutval og ekspertutval som skal sjå på etter- og vidareutdanning

Regjeringa har sett ned eit ege Kompetansebehovsutval som skal undersøke og vurdere kompetansebehova i Noreg. Eit  ekspertutval om etter- og vidareutdanning skal og sjå på rammevilkår for investering i ny kompetanse, og om den einskilde har gode nok moglegheiter til å omskolere seg.

 

Til toppen