Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

27 millionar kroner meir til film og dataspel

Kulturdepartementet vil styrke den statlege satsinga på dataspel og satsinga på film og dataspel i regionane. Samstundes foreslår departementet å styrke tilrettelegginga for samisk film og andre audiovisuelle produksjonar.

– Med denne satsinga styrker vi grunnlaget for film- og dataspelprodusentar i heile landet, samstundes som vi løfter regionane si satsing på audiovisuell kultur og næring. Auken til dataspel i filmfondet vil gje Norsk filminstitutt moglegheit til å følgje opp regjeringa sin ambisjon for vekst blant selskapa i norsk dataspelbransje, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Den totale auken i løyvingar på 27 millionar kroner er fordelt på tre område:

  • 17,5 millionar kroner til regionale filmverksemder, av dette minst 3 millionar kroner til dataspel
  • 7 millionar kroner til dataspel gjennom filmfondet
  • 2,5 millionar kroner til Internasjonalt samisk filminstitutt (ISFI)

Dei auka løyvingane gjev dei regionale filmsentra 7 millionar kroner meir, medan dei regionale filmfonda får ein auke på 10,5 millionar kroner.

Dei regionale filmsentra skal utvikle ein regional filmkultur ved å bygge opp talent, heve filmkompetansen blant barn og unge og bidra til å utvikle og profesjonalisere filmbransjen i regionen. Dei regionale filmfonda skal bygge og styrke ein profesjonell filmbransje i regionen. Av auken til dei regionale filmverksemdene skal minst 3 millionar kroner gå til dataspel.

Regjeringa sin dataspelstrategi Spillerom (for perioden 2020–2022) trakk fram vekst og utvikling som sentrale utfordringar for den norske dataspelbransjen. Løyvingane til dataspel frå Filmfondet skal særleg rette seg mot dei mest profesjonelle dataspelprodusentane i landet, mellom anna gjennom ei ny ordning for produksjonstilskot til dataspel.

Internasjonalt samisk filminstitutt (ISFI) får ei auka løyving frå Kulturdepartementet med 2,5 millionar kroner i 2020. Dette følgjer auken frå 2019 med 600 000 kroner.

– Med dette styrker vi vilkåra for samisk film og audiovisuell produksjon. ISFI har på få år etablert seg som ein viktig aktør i arbeidet med å oppretthalde og utvikle den samiske filmkulturen, og med å fremme urfolksfilm og samarbeid mellom ulike filmmiljø for urfolk i verda, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Kulturdepartementet varslar også i budsjettproposisjonen at ein vil starte eit arbeid med ein ny strategi for kino og filmformidling. Strategien vil omfatte ei vurdering av mellom anna måla for kinopolitikken, verkemiddel for kino og filmformidling og organiseringa av Bygdekinoen. 

I tillegg tek regjeringa sikte på å leggje fram eit forslag om at norske og utanlandske tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester må investere ein del av omsetninga si i norske audiovisuelle produksjonar. Den nærmare innretninga av forslaget vil bli lagt fram i eit høyringsnotat i 2020.

Til toppen