Revidert nasjonalbudsjett 2014: Tunge køyretøy: 12,5 millionar kroner meir til kontroll

Fleire og meir målretta kontrollar av tunge køyretøy er viktig for å gjere vegtrafikken enda tryggare. Regjeringa foreslår difor ei tilleggsløyving på 12,5 millionar kroner over 2014-budsjettet til slik kontroll.

Fleire og meir målretta kontrollar av tunge køyretøy er viktig for å gjere vegtrafikken enda tryggare. Regjeringa foreslår difor ei tilleggsløyving på 12,5 millionar kroner over 2014-budsjettet til slik kontroll.

- Vi vidarefører og styrkjer dermed  den auka innsatsen som alt er kome i gang etter at Stortinget i fjor haust vedtok eit forslag frå den nye regjeringa om auka midlar til kontroll av tunge køyretøy, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.       

Den foreslåtte ekstraløyvinga skal gå til å auke kontrollen på grenseovergangane utanfor vanleg arbeidstid og til innkjøp og utvikling av effektive verktøy og verkemiddel i kontrollarbeidet.

- Satsinga til regjeringa har så langt meir enn firedobla talet på kontrollerte køyretøy og femdobla talet på køyretøy som får køyreforbod. Dette er viktige grep, både for å gjere trafikken enda tryggare og for å skape ein meir rettferdig konkurransesituasjon internt i lastebilnæringa og mellom veg- og jernbane-/skipstransport. Det skal ikkje løne seg å jukse med reglar og trafikktryggleik, seier samferdselsministeren.

Prop. 93 S (2013-2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014