Besøk frå Latvias kulturminister

19. mars hadde kulturminister Thorhild Widvey møte med den latviske kulturministeren, Dace Melbārde, i anledning det latviske statsbesøket til Norge.

Den latviske kulturministeren, Dace Melbārde og kulturminister Thorhild Widvey.
Den latviske kulturministeren, Dace Melbārde møtte kulturminister Thorhild Widvey 19. mars 2015. Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

Kulturdepartementet i Latvia er i gang med å opprette ei eiga medieavdeling og kulturministrane drøfta m.a. organisering, medieeigarskap, pressestøtte og moms for papir- og elektroniske aviser. Kulturminister Melbārde viste interesse for den norske modellen med fordeling av overskotet frå Norsk Tipping til diverse samfunnsnyttige føremål og Den kulturelle skulesekken.