Betre rettar for studentar i Forsvaret

Regjeringa sitt forslag om å gjera tydeleg rettar og plikter for bachelorstudentane ved Forsvarets høgskole er vedteke av Stortinget.

Kadett
Studentar i Forsvaret får betre rettar. Foto: Mats Grimsæth, Forsvaret

– Tek du bachelorutdanning ved Forsvarets høgskole blir det no enklare å få oversikt over kva rettar og plikter du har under utdanninga. Du får også betre føreseielegheit når det gjeld yrkesskadedekning i folketrygdlova, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvaret får no heimel til å inngå kontrakt om utdanning og tenesteplikt med personar som tek utdanning på bachelornivå i Forsvaret.

Endringane i folketrygdlova presiserer at militære studentar og andre under utdanning i Forsvaret, uavhengig av om dei har gjennomført førstegongsteneste før studiestart, har utvida yrkesskadedekning det første studieåret.

I tillegg får studentane resten av åra ei utvida yrkesskadedekning på lik linje med militært tilsette når dei deltek på øvingar o.l. Resten av åra av utdanninga vil dei elles vera dekte som andre studentar.

Endringane vil bli følgt opp med eit forskriftsarbeid. Det er grunn til å tru at lova kan tre i kraft frå 1. januar 2024.

 

Bakgrunn: Gjennom utdanningsreforma i 2016 var målet å betra kvaliteten i utdanninga og samtidig redusera utgifter. Forsvarets høgskole, Krigsskolen, Sjøkrigsskolen, Luftkrigsskolen og Forsvarets ingeniørhøgskole vart slått saman til éin høgskule – Forsvarets høgskole, med oppstart hausten 2018. Før utdanningsreforma var dei fleste studentane tilsette i Forsvaret med full lønn under utdanning. Etter reforma er dei ikkje lenger definert som tilsette, og lønna vart erstatta med eit utdanningstillegg. I tillegg får dei fritt kost og losji og heimreiser under utdanning. 

Erfaringane frå dei første åra etter reforma viste at det var behov for eit forbetra og tydelegare rammeverk for studentane sine vilkår, rettar og plikter som ikkje-tilsett i Forsvaret. Det er viktig for studentane at dei har eit klart og tydeleg rammeverk, slik at det er føreseieleg kva rettar og plikter dei har under utdanninga.