Faktaark: Oversikt over skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2018

Betre reglar for rapportering og skattlegging av naturalytingar
Reglane for skattlegging av naturalytingar skaper uvisse og er ikkje gode nok. Det er brei semje om at det er krevjande å etterleve dei, og å handheve regelverket, både for arbeidsgjevarane, arbeidstakarane og skattestyresmaktene. Regjeringa foreslår forbetringar av reglane for den skattemessige behandlinga av naturalytingar. Reglane skal verke frå 2019. Les meir om endringane i eigen pressemelding.

Enklare skattereglar for utanlandske arbeidstakarar
Regjeringa foreslår ei forenkla skatteordning (kjeldeskatt) for utenlandske arbeidstakarar på mellombels opphald frå 2019, med ein fast sats på 25 prosent og ingen frådrag. Siktemålet med ordninga er å gje enklare reglar for denne gruppa og samstundes bidra til riktigare skattlegging etter reglane. Les meir om endringane i eigen pressemelding.

Endring i overgangsregelen for aksjesparekonto
Regjeringa foreslår å at overgangsregelen for aksjesparekonto vert endra slik at negative inngangsverdiar vert skattlagde i samband med overføring av aksjar til aksjesparekonto.

Fritak for avgift for driftsmidlar til reindriftsnæringa
Regjeringa foreslår fritak for eingongsavgift, og frådragsrett for inngåande meirverdiavgift for nyskaffing, drift og vedlikehald av beltemotorsyklar og terrenggåande motorsyklar med fire hjul som brukes i reindriftnæringa.

Redusert alkoholavgift for små bryggerier
Regjeringa foreslår å redusere alkoholavgifta på øl med over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol frå småbryggjerier. Framlegget inneber lågare avgiftssatsar ved omsetting av inntil 200 000 liter øl. Les meir om endringane i eigen pressemelding.

Justering av meirverdiavgift ved kommunesamanslåing og –deling
Regjeringa foreslår et unntak frå justeringsplikta i merverdiavgiftsloven for overdragingar av kommunale vass- og avløpsanlegg som ledd i kommunesamanslåingar og -delingar.

Overføring frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet
For å redusere sakstilfanget og saksbehandlingstida i Skatteklagenemnda og sekretariatet, vert ikkje-prinsipielle klagesaker av låg verdi, klager over tvangsmulkt og forseinkingsgebyr etter a-opplysningsloven, og klager over skatteavgrensing ved liten skatteevne overførte frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet.

Varsel om eventuell grunnrenteskatt på havbruk
Regjeringen vil utgreie og eventuelt foreslå grunnrenteskatt på havbruk med innføring i 2020, som varsla 27. april i år. Ein slik skatt er for tida under utgreiing, utan at eit detaljert forslag er utarbeida enno. Regjeringen ynskjer å gje informasjon om vesentlege forhold som kan vere av betydning for budgjevarar før den komande auksjonen av havbrukskonsesjonar.

Andre endringar 
Det vert òg gjort einskilde endringar mellom anna i regel for oppjustering av gevinst ved gåvesal av aksjer, for framleis tilgang til opplysningar underlagt teieplikt og tildeling av fødselsnummer i samband med anonym adopsjon av spedbarn. Revidert nasjonalbudsjett inneheld òg enkelte opprettingar og presiseringar i lovtekst.

 

Les meir i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga og Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018 kapittel 4.