Forsida

Statsbudsjettet 2023

Digitale løysingar skal styrke vår felles helseteneste

Regjeringa foreslår å løyve 328,6 millionar kroner til arbeidet med digital samhandling, helsedata og felles språk. Digitale løysingar og betre samhandling vil gjere det enklare å vere både pasient og tilsett i vår felles helseteneste.

– Digitale løysingar skal støtte opp under ei heilskapleg samhandling mellom helsepersonell, og styrke pasientane og innbyggarane sine moglegheiter til å ta aktiv del i sine eigne behandlingsopplegg, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Må få valuta for pengane

Dei nasjonale e-helseløysingane kjernejournal, helsenorge.no, e-resept og helsenettet med grunndata og helseID skal bli vidareutvikla. Det er også arbeid i gang med å etablere ei ny nasjonal teneste for laboratorie- og radiologisvar.

Regjeringa vil fortsette arbeidet med Pasientens legemiddelliste (PLL) og dokumentdeling, inklusive tenester for enkel og sikker tilgang til helseopplysningar.

– Vi er opptatte av å fullføre tiltak som er sette i gang, slik at vi får ut effektane av investeringane, seier Kjerkol.

– Med strammare budsjett må vi sørge for å bruke pengane der vi meiner vi får størst nytte av dei. Steg for steg ønsker regjeringa å etablere digitale løysingar som gir gevinstar for både helsepersonell og innbyggarar.

Store behov i kommunane

Regjeringa vil jobbe vidare med rammene til ei helseteknologiordning som avlastar risiko og stimulerer kommunane til å gjere investeringar.

Målet er å forenkle kommunanes anskaffing og modernisering av journalsystem og velferdsteknologi, og etablere tydelege rammevilkår med standardar og krav som skal bidra til ei heilskapleg utvikling.

– Det er eit stort behov for betre journalløysingar i kommunane. Regjeringa vil framleis støtte opp under kommunane sine behov for betre løysingar, men vil dreie staten si rolle og gjere det på andre måtar enn gjennom finansieringa av eit program som felles kommunal journal. Det er kommunane sjølve som kjenner behova og kapasiteten i kommunane best, og som derfor er dei beste til å ta ansvar og føre arbeidet vidare, seier helse- og omsorgsministeren.

Opnar for nasjonal løysing for helsedata

Regjeringa vil legge til rette for betre bruk av helsedata i helseforsking, styrke grunnlaget for kunnskapsbaserte helse- og omsorgstenester, og stimulere til innovasjon og næringsutvikling.

– Regjeringa ønsker at bruk av innovative e-helseløysingar skal bidra både til ei trygg og effektiv helse- og omsorgsteneste, og til å skape ein heimemarknad for norske leverandørar, seier Ingvild Kjerkol. 

Departementet har sendt på høyring eit forslag om vedtaksmyndigheit for Helsedataservice som nasjonal løysing for tilgang til helsedata. Ein felles dataplattform kan ikkje bli realisert med dei juridiske rammevilkåra vi har i dag.

Meir effektiv utnytting

Regjeringa vil derfor vurdere moglegheiter for å utnytte eksisterande infrastrukturar for data- og analysetenester i universitets- og høgskulesektoren og helsesektoren meir effektivt.

– Målet er å realisere så mykje som mogleg av det planlagde ambisjonsnivået for helsedatasatsinga, og vi prioriterer no å hente ut gevinstar av løysingar som allereie er utvikla og etablert, seier Kjerkol.

Regjeringa vil vidare sjå på behovet for endringar i innretning på e-helseområdet og vil kome tilbake med ei samla framstilling av e-helsepolitikken i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Forslaget på 328,6 millionar kroner fordeler seg slik:

  • 176,6 millionar kroner til arbeidet med digital samhandling
  • 78,1 millionar kroner til arbeidet med helsedata
  • 73,9 millionar kroner til arbeidet med felles språk