Revidert nasjonalbudsjett

Eigenandelsfritak for LAR-behandling

Regjeringa har foreslått ei styrking av budsjettet med 6 millionar kroner slik at det kan bli innført eigenandelsfritak for LAR-behandling ved sjukehusa frå 1. juli. Tiltaket kjem ei utsett gruppe til gode.

– Regjeringa sitt mål er at menneske med omfattande problem med rus skal få den behandlinga og oppfølginga dei har behov for i den offentlege helsetenesta. Vi foreslår derfor å innføre eigenandelsfritak for LAR-behandling på sjukehus, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Har jobba for avklaring

– Det har vore krevjande for mange å betale eigenandel for LAR-behandling, og vi har derfor jobba for å avklare dette i samband med revidert nasjonalbudsjett, fortel Kjerkol.

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er behandling med opioidhaldige legemiddel (substitusjonsbehandling) av opioidavhengigheit som har vist seg å redusere pasienten sin bruk av opioider, redusere dødelegheita og betre livskvaliteten.