Ekspertgruppe skal sjå på korleis kunstig intelligens kan påverke demokratiske val

2024 er eit historisk valår. Aldri før har så mange veljarar gått til valurnene over heile verda. Samstundes står vi midt i ei rask utvikling innan kunstig intelligens (KI), som kan auke omfanget av desinformasjon og uønskt påverking ved val.

Regjeringa har satt ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe, som skal kartleggje erfaringar frå vala i 2024 og gje tilrådingar om korleis vi i Noreg kan førebu oss på stortingsvalet i 2025.

− Tillit til vala våre er heilt avgjerande for demokratiet vårt. Derfor skal vi no lære av årets val rundt om i verda for å belyse både moglegheiter og sårbarheiter i vårt eiget demokrati. Eg meiner det er svært viktig at vi no aktivt søkjer kunnskap om korleis kunstig intelligens kan påverke gjennomføring av trygge og gode val i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Niels Nagelhus Schia skal leie ekspertgruppa. Han er leier for NUPIs senter for forsking på ny teknologi.

− Eg ser fram til å utforske dei djupe implikasjonane kunstig intelligens kan ha på dei demokratiske prosessane våre. Vi ønskjer å forstå betre korleis KI både kan styrkje og utfordre demokratiske val. Vi vil jobbe målretta for å gi tilrådingar som sikrar at dei demokratiske institusjonane i Noreg vil vere like robuste og tillitsskapande i framtida, uttalar Schia.

Ekspertgruppa skal gi en kunnskapsstatus og konkrete tilrådingar til KDD om tiltak som kan implementerast før stortingsvalet i 2025.

− Eg håpar og trur ekspertgruppa vil bidra til at vi får meir kunnskap om kva slags sårbarheiter vi står ovanfor, og korleis teknologien kan påverke norske val i framtida, seier statsråden.

Arbeidsgruppa består av:

  • Niels Nagelhus Schia (Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI))
  • Bente Kalsnes (Høyskolen Kristiania)
  • Lars Raaum (Mediebedriftenes Landsforening)
  • Helle Sjøvaag (Universitetet i Stavanger)
  • Heidrun Åm (NTNU)
  • Julie Ødegaard Borge (NLA Høgskolen Bergen)
  • Rune Karlsen (Universitetet i Oslo)  
  • Anne Sofie Molandsveen (NORCAP – Flyktninghjelpen)

Ekspertgruppa tar sikte på å levere sitt arbeid innan 31. desember 2024