Ekspertutval for psykisk helsevern legg fram sin rapport

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol tok fredag 15. september imot rapporten frå ekspertutvalet som har vurdert om det er mogleg med ei sterkare tematisk organisering i psykisk helsevern.

Nett-tv Ekspertutval for psykisk helsevern legg fram sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Formålet med utgreiinga til ekspertutvalet er å betre kvaliteten i behandlinga og sørge for at pasientane kjem raskare til riktig behandling, samtidig som fagfolka sin kompetanse blir nytta best mogeleg.

Utvalet har mellom anna sett på om det er grupper av pasientar eller tilstandar, som kan ha nytte av meir spesialisert organisering. Utvalet har òg sett på korleis ein kan legge til rette for at kunnskap og forsking ligg til grunn for behandlinga, og korleis ein kan organisere seg slik at tenestene blir koordinerte, heilskaplege og av god kvalitet for pasientar og pårørande.

I tillegg har utvalet sett på korleis ein kan organisere psykisk helsevern slik at tenestene blir best mogeleg i stand til å samarbeide med kriminalomsorga og andre tenester med ansvar for grupper kor psykiske lidingar er utbreidde, og slik at innsatsen overfor desse gruppene blir styrka.

 

Strauming


Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga i vindauget ovafor. Der kan du òg laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.