Evaluering av utlånsforskrifta

Dagens utlånsforskrift gjeld ut 2024 og skal bli evaluert i 2022. Finansdepartementet har i dag bedt Finanstilsynet om å vurdere behovet for endringar i forskrifta innan 3. oktober.

Utlånsforskrifta skal bidra til finansiell stabilitet ved å stille krav til bankane sin utlånspraksis som skal førebygge finansiell sårbarheit i hushald og bankar.

Finanstilsynet skal innan 3. oktober 2022 gi råd om behovet for endringar i forskrifta ut frå omsynet til finansiell stabilitet. Finanstilsynet sitt råd skal innehalde ei vurdering av bankane sin utlånspraksis og utviklinga i bustadprisane og hushalda si gjeld, og korleis forskrifta har påverka utviklinga. Departementet har òg bedt Finanstilsynet vurdere om forskrifta bør bli utvida til å dekke fleire typar lån, og korleis endringane i utlånsreguleringa frå 1. januar 2021 har fungert.

I tråd med forskrifta og praksis frå tidlegare evalueringar, skal Finanstilsynet hente inn vurderingar og faktagrunnlag fra Noregs Bank.