Fastsetjing av endring i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift 19. desember 2014 nr. 1816 om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket.

I samband med jordbruksoppgjeret 2021 blei det gjort endringar i § 3 g) investeringar i gjødsellager. Tilskotssatsen blei heva frå 20 til 25 pst. av godkjent kostnadsoverslag for investeringa. Øvre grense for tilskot blei heva frå 100 000 kroner til 200 000 kroner per prosjekt. Det blei også vedteke at det kan bli gitt tilskot til biorestlager med fast toppdekke, samt anlegg med gjødselseparator. Forskrifta er endra i tråd med dette.