Fiskeri- og havministeren mottok rapport om ubåten på Fedje

Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdere og anbefale vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september fram rapporten sin.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran mottok rapport om ubåten på Fedje av utvalsleiar Gro Kielland.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran mottok rapport om ubåten på Fedje av utvalsleiar Gro Kielland. Foto: NFD

– Med denne rapporten markerer vi forhåpentlegvis byrjinga på slutten for denne vanskelege og svært omdiskuterte saka om ubåten på Fedje, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran då han mottok rapporten frå ekspertutvalet som har jobba sidan hausten 2020.

– Det er viktig for regjeringa å velje ei løysing som er trygg for miljøet og befolkninga. Eg tar på alvor den uroa folk på Fedje og langs vestlandskysten har levd med i mange år på grunn av denne saka.

Vurdere nye moglegheiter

Ekspertutvalet fekk i oppdrag å sjå på om det finst ny informasjon, ny teknologi eller nye metodar som medfører at heving av kvikksølvlasta eller heile vraket kan gjennomførast med ein lågare risiko enn det som har vore vurdert tidlegare. Tidlegare utgreiingar i regi av Kystverket har anbefalt tildekking av vraket som det beste alternativet, basert på risiko for kvikksølvforureining på kort og på lang sikt.

– Rapporten frå dette kompetente og uavhengige utvalet vil gi regjeringa eit godt grunnlag for val av miljøtiltak. Eg skal no setje meg grundig inn i oppmodingane frå utvalet. Rapporten vil bli sendt på høyring. Deretter vil regjeringa vedta korleis saka skal handterast vidare, seier statsråden.

Vil heve last før tildekking

Utvalet tilrår heving av last (mest mogleg av kvikksølvet) før tildekking av vrak og sjøbotn.

Det er betydeleg uvisse om kor mykje kvikksølv det dreier seg om, kvar det er, og tilstanden til både kvikksølvbehaldarane og vraket. Ei rekke føresetnader må derfor oppfyllast for å realisere oppsidene ved det anbefalte alternativet. Mange av desse uvissene og føresetnadene kan ikkje avklarast før etter ein faktisk set i verk tiltak, og utvalet anbefaler derfor ei trinnvis tilnærming i gjennomføringa av tiltaka. Ved kvart avgjerdspunkt vil det gjelde moglegheit for å avslutte hevingstiltaket og gjennomføre ein tildekking.

– Det at vi konkluderer annleis enn kva som er gjort tidlegare, bygger på oppdaterte samfunnsøkonomiske vurderingar og risikovurderingar, at vi meiner dette bør vere teknisk og miljømessig gjennomførbart, og eit stadig sterkare globalt fokus på at forureining skal ryddast opp i. I tillegg har vi vektlagt folk og næringslivs opplevde kjensle av tryggleik, seier utvalsleiar Gro Kielland.

Utvalsleiaren poengterer at utvalet har hatt stor respekt og audmjukskap for viktigheita av arbeidet og det å få ei endeleg løysing for U-864 – både for lokalbefolkninga og andre interessentar.

– Vi meiner sjølv vi har gjort eit grundig arbeid og kjem med ei klar oppmoding. Så veit vi at ikkje alle vil bli fornøgde, men oppfordrar interesserte til å setje seg inn i rapporten og bakgrunnen for oppmodingane.

Rapporten blir sendt på tre månaders høyring.

For spørsmål om rapporten, kontakt utvalsleiar Gro Kielland grok@hagrola.com

Rapporten: Løsninger for U-864 - Ubåtvraket utenfor Fedje i Vestland

Presentasjon: Løsninger for U-864 - Ubåtvraket utenfor Fedje i Vestland (pdf)

Fakta om U-864

Den tyske ubåten U-864 vart senka 9. februar 1945. Ifølgje historiske dokument kan ubåten ha frakta 67 tonn kvikksølv. Delar av denne lasta er spreidd ut på sjøbotnen omkring vraket, og dette fører til utlekking av kvikksølv til vassmassane omkring.

Vraket av ubåten vart funnen på 150 meters djup i 2003. Om lag 30 000 m2 av havbotnen rundt vraket er kvikksølvforureina. I 2011 anbefalte Kystverket tildekking framfor heving fordi dette vart vurdert som det minst risikofylte tiltaket, noko som også vart konkludert i ei ekstern kvalitetssikring frå 2012.

Ved behandling av RNB for 2012 slutta Stortinget seg til at ein skulle forprosjektere 1) tildekking av vrak og forureina havbotn og 2) heving av last med etterfølgande tildekking.

I 2016 vart det etablert ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråningen under vraket. Dette var nødvendig uansett kva miljøtiltak som skulle gjennomførast. I 2018 hadde støttefyllinga stabilisert den rasutsette skråninga, og det var ikkje registrert spreiing av kvikksølvforureining.

I Innst. 13 S (2018-2019) bad Transport- og kommunikasjonskomiteen regjeringa om å vurdere om det har tilkomme ny informasjon eller ny teknologi som betyr at heving av heile eller delar av lasta er miljømessig forsvarleg, før arbeidet med tildekking blir sett i verk. Etter det har Kystverket fått gjennomført ytterlegare undersøkingar som har konkludert med at det ikkje er ny informasjon som betyr ei endring av vurderinga av miljørisiko ved dei ulike tiltaka.