Fiskeri- og havministeren til London

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 14. juni reiser fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til London. Der skal han møte den britiske kollegaen sin Victoria Prentis.

– Storbritannia er ein av dei næraste naboane våre. Vi har lange og sterke tradisjonar for handel med sjømat. Eg ser fram til å møte min britiske kollega for å diskutere viktigheita av fiskerisamarbeidet og drøfte kva vi kan gjere saman for å styrke handelen med sjømat, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Frå 2024 innfører Storbritannia krav om helsesertifikat for sjømat frå EØS-området. Kravet vil føre til økt administrativt arbeid for eksportørar av sjømat til Storbritannia.

– Det er sterke handelssamband mellom Noreg og Storbritannia. Vi samarbeider med britiske styresmakter for å finne løysingar som vil forenkle handelen med sjømat etter 2023. Elektroniske helsesertifikat er ei slik løysing, seier Skjæran.

Etter det bilaterale møtet skal begge ministrane møte representantar frå britisk og norsk sjømatnæring. Formålet med møtet er å få innspel om kva utfordringar og moglegheiter næringa ser for handelen med sjømat mellom Noreg og Storbritannia.

Når: tysdag 14. juni 2022

Kvar: London

Praktisk info: Presse som er interessert i å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på 478 81 719 eller emil.bremnes@nfd.dep.no