Forsida

Statsbudsjettet 2023

Foreslår å løyve tilskot til Avinor til vidare arbeid med nye lufthamner i Bodø og ved Mo i Rana

– Med lange avstandar og krevjande topografi er luftfart viktig i nord. Ny lufthamn i Bodø og ved Mo i Rana vil medverke til både byutvikling og auka konkurransekraft for næringslivet. Med dette budsjettframlegget kan Avinor følgje opp vedtaka som Stortinget har fatta gjort for desse to prosjekta, som har kome langt i planlegginga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve i alt nær 3 milliardar kroner til luftfartsformål i 2023. Av dette er 1,66 milliardar kroner tilskot til Avinor til nye lufthamner. Midlane er fordelte med 653 millionar kroner til bygging av ny lufthamn ved Mo i Rana og 1 007 millionar kroner til bygging av ny Bodø lufthamn. 

Utvida reisetilbod gir positive ringverknader med ny lufthamn ved Mo i Rana

Stortinget vedtok i 2021 kostnadsramme for ny lufthamn ved Mo i Rana. Lufthamna skal finansierast av staten og eit lokalt bidrag. Ei ny lufthamn ved Mo i Rana vil gi ei meir føremålstenleg innflyging og moglegheiter for å lande og lette med større fly. For 2023 foreslår regjeringa å løyve 653 millionar kroner i tilskot til Avinor til byggeprosjektet.  

Den nye lufthamna ved Mo i Rana vil leggje grunnlaget for eit heilt nytt reisetilbod, til dømes med stabile flyruter til Oslo og flygingar til andre destinasjonar. Dette kan gi positive ringverknader for både folk og næringsliv på Helgeland, seier samferdselsministeren.

Førebuande arbeider på den nye lufthamna er no i gang.

Ny Bodø lufthamn

– Bygginga av ny lufthamn i Bodø er viktig for den vidare utviklinga av Bodø by. Nordlands største by treng areal til etablering av både næringsverksemd og bustader, seier samferdselsministeren.

Av løyvingsframlegget på 1 007 millionar kroner er 450 millionar kroner sette av til å dekkje planleggingsaktivitetane til Avinor i perioden  2019–2022 og i 2023. Vidare er 577 millionar kroner sette av i tilskot til Avinor til kjøp av dagens flyplasstomt frå Forsvarsbygg. Regjeringa foreslår òg å løyve 33 millionar kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet  til ny redningshelikopterbase som følgje av flyttinga av lufthamna.

Stortinget vedtok ei kostnadsramme for den nye lufthamna i Bodø ved behandlinga av statsbudsjettet for 2022. Den nye lufthamna skal finansierast av Avinor, staten og eit lokalt bidrag.

Avinor skal gjere endeleg utbyggingsvedtak. Samferdselsdepartementet er kjent med at det er dialog mellom Avinor, Forsvaret, Bodø kommune og Nordland fylkeskommune for å få på plass nødvendige avklaringar. Det er òg dialog mellom Samferdselsdepartementet og Forsvarsdepartementet for å kome fram til gode løysingar. Både bygging av lufthamna og utbetaling av offentleg støtte er avhengig av godkjenning av EFTAs overvakingsorgan, ESA. Ei endeleg godkjenning er venta i løpet av 2023.    

Luftfartstilsynet – nasjonal tilsynsmyndigheit for romaktivitetar 

Regjeringa foreslår å løyve 287 millionar kroner til drift av Luftfartstilsynet i 2023. Tilsynet har hovudansvaret for tryggleiken i norsk, sivil luftfart.   

Innanfor framlegget er 12,5 millionar kroner sette av til å etablere Luftfartstilsynet som nasjonal tilsynsmyndigheit for romaktivitetar. Tilsynet vil i perioden 2023–2025 få fagleg bistand frå Norsk Romsenter. Etter 2025 vil Luftfartstilsynet operere som eit uavhengig romtilsyn.

Statleg kjøp av innanlandske flyruter

Regjeringa foreslår å løyve 942,1 millionar kroner til statleg kjøp av regionale flyruter. Midlane går til å drifte regionale flytilbod, og tiltaket gjeld i første rekkje ruter på kortbanenetta på Vestlandet og i Nord-Noreg, og bidrar med det til å sikre eit godt flytilbod i distrikta.

 Statens havarikommisjon for transport

Til drift av Statens havarikommisjon for transport foreslår regjeringa å løyve 90 millionar kroner. Gjennom sine uavhengige undersøkingar skal Statens havarikommisjon bidra til å auke tryggleiken innan luftfart, veg, jernbane, sjøtransport og i forsvarssektoren.