Føreslår mellombelse lovendringar for å vere førebudd på fordrivne ukrainarar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Situasjonen i Ukraina og nærområda er uføreseieleg, og Noreg planlegg for å ta imot eit høgt tal av fordrivne ukrainarar. Høge tal fører til auka press på grunnleggande velferdstenester som barnehage, skule og helse- og omsorgstenester.

– Eg er trygg på at vår felles helseteneste, òg i ein situasjon med svært mange ukrainarar som har kome, vil klare å tilby helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet til befolkninga, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Kan gi unntak frå enkelte lovkrav

For å kunne handtere eit svært høgt tal på fordrivne frå Ukraina, føreslår Helse- og omsorgsdepartementet mellombelse lovføresegn som opnar for at regjeringa i gitte situasjonar kan vedta unntak frå enkelte lovkrav i pasient- og brukerrettighetsloven, spesialisthelsetjenesteloven og helse- og omsorgstjenesteloven. 

Dei grunnleggande pliktane og rettane til helse- og omsorgstenester skal bli tatt vare på. Det vil ikkje vere mogleg å gjere unntak frå plikt og rett til grunnleggande helse- og omsorgstenester, som omgåande hjelp og nødvendige helse- og omsorgstenester. 

Det kan heller ikkje bli gitt unntak frå plikta til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, verken for helseføretak, kommunar eller helsepersonell. 

Unntaka kan gjelde til 1. juli 2023

I lovproposisjonen er det føreslått heimel for at det ved behov kan bli vedtatt unntak frå pliktar eller rettar som: 

  • Fastsetting av frist for når pasienten seinast skal få nødvendig helsehjelp
  • Rett til informasjon innan 10 dagar som svar på tilvising
  • Rett til fornya vurdering
  • Rett til fritt val av behandling
  • Rett til individuell plan
  • Rett til kontaktlege
  • Rett til koordinator
  • Rett til barnekoordinator

Unntak blir berre gjort dersom det er nødvendig for å kunne gjere omstillingar eller prioriteringar for å bidra til å sikre at helse- og omsorgstenesten si kapasitet ikkje blir sprengt. 

Utgangspunktet er at helse- og omsorgstenestene vil klare å oppfylle dei krava som er i lov og forskrift i dag. Lovendringane som er føreslått er mellombelse, og skal opphevast seinast 1. juli 2023.