Statsbudsjettet 2023

Foreslår nær 95 millionar kroner til tilskotsordning for godsoverføring frå veg til bane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Mesteparten av godstransporten på bane i Noreg blir køyrd på dei elektrifiserte jernbanestrekningane. I tillegg til nullutslepp av klimagassar er transporten energi- og arealeffektiv, og det er heller ikkje store utfordringa med støy og mikroplast. Ved å videreføre tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til bane, bidrar vi òg til betre framkome og tryggleik på vegnettet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve 94,9 millionar kroner til tilskotordninga for godsoverføring frå veg til bane. Det er ei vidareføring av nivået frå føregåande år. Ordninga er innretta mot transportformene kombitransport og vognlast, der konkurransen mot vegtransport er sterkast.

Ordning har bidratt til etablering av fleire godspendlar

Tilskotsordninga blei etablert i 2018. Ei evaluering frå Jernbanedirektoratet, som administrerer tilskotsordninga, har vist at ordninga har vore viktig for å gi godstogselskapa føreseielege rammevilkår, og gjere det meir lønsamt å frakte gods på bane. Dette gir godstogselskapa moglegheit til å investere i nytt materiell og utvide si verksemd for å gi kundane eit betre tilbod.  

Ordninga har bidratt til etablering av fleire nye godstogtilbod, mellom anna ny dagleg rute mellom Trondheim og Bodø, ny ukentleg rute mellom Oslo og Gøteborg, ny ukentleg trekant-rute Narvik–Malmø (Padborg)–Oslo–Narvik og ny rute mellom Åndalsnes og Oslo fem dagar i veka.