Foreslår nye reglar om rekonstruksjon for å unngå unødvendige konkursar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa sender no ut forslag til permanente reglar om rekonstruksjon i konkursloven på høyring. I byrjinga av koronapandemien vedtok Stortinget ei mellombels lov om rekonstruksjon for å hjelpe levedyktige verksemder som vart råka av akutt svikt i inntektene. Den mellombelse lova vart vidareført mens ein arbeidde med forslag til permanente reglar.

– Det er mange omstende som kan føre til at ei verksemd får økonomiske problem. For å unngå unødige konkursar i elles levedyktige verksemder er det avgjerande at vi har effektive reglar om rekonstruksjon. Den mellombelse lova vart godt motteken, men mange ønska seg fleire verktøy. Difor fremjar vi dette forslaget, seier justis- og beredskapsminister Emilie Mehl (Sp).

Forslaget byggjer vidare på dei mellombelse løysningane. De akutte økonomiske problema mange bedrifter opplevde under koronapandemien, gjorde det naudsynt med raske lovendringar. Det har vore eit mål å få på plass permanente endringar, men dette har kravd ei grundig utgreiing.

Opnar for auka fleksibilitet

Departementet har henta inn informasjon om korleis den mellombelse lova har fungert og vurdert kva endringar det kan vere behov for. Det er også sett hen til løysningane i EUs rekonstruksjons- og insolvensdirektiv. Det vart heldt ei opa innspelsrunde, og sentrale aktørar har tatt del i ei evaluering av lova. Ein samfunnsøkonomisk analyse vart og utarbeida, og er vedlagt forslaget.

– Inntrykket er at de mellombelse reglane har fungert godt, samstundes som vi ser grunn til å tilrå enkelte endringar. Forslaget inneheld fleire forbetringar som eg meiner vil bidra til at fleire bedrifter med alvorlege økonomiske problem kan komme tilbake i velfungerande drift.  Dermed sikrar ein både arbeidsplassar og verdiar, seier Mehl.

Forslaget opnar for auka valfridom og fleksibilitet i rekonstruksjonsforhandlingane, som gjer det mogleg å redusera kostnadene. Mellom anna skal det være valfritt å oppnemne ein rekonstruktør, unntatt i bestemte tilhøve der omsynet til kreditorane tilseier noko anna. Ein foreslår også endringar i reglane om sokalla superprioritet, som gir  långivarar prioritet framfor eksisterande panthavarar, som kan gjere det enklare å finansiere forhandlingane. I tillegg er det foreslått nye reglar om klasseinndeling og sokalla gjennomtvingelse, som inneber at eit rekonstruksjonsforslag kan tvingast gjennom utan fleirtal i alle kreditorklasser.

De viktigaste endringsforslagene er:

  • Rekonstruktør blir valfritt, unntatt i bestemte tilhøve.
  • Utvida tilgang til å stifte panterett med superprioritet.
  • Reglar om klasseinndeling og gjennomtvingelse.
  • Endringar i reglane om eigars innverknad.
  • Endringar i reglane om handsaming av tvistar.
  • Redusert frist for anke over stadfestingsavgjersla frå fire til ei veke.

Fotnotar

Rekonstruksjon

Rekonstruksjon innebærer at en bedrift forhandler med kreditorerene sine om en ordning av gjelden for unngå konkurs

Rekonstruktør

Rekonstruktør er en advokat med erfaring innen lovgivningen på konkursloven som bistår skyldneren under forhandlingen om rekonstruksjon og samtidig ivaretar kreditorenes felles interesser.

Samfunnsøkonomisk analyse

Samfunnsøkonomisk analyse er en metode der man forsøker å kvantifisere fordeler (nytte) og ulemper (kostnader) som følge av et tiltak.