Revidert nasjonalbudsjett 2016:

Forsterka kamp mot antibiotikaresistens

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 millioner kroner for å hindre at antibiotikaresistente bakteriar får etablere seg i norsk svinehald.

 Norsk matproduksjon utgjer ikkje, - og skal ikkje utgjere ei folkehelseutfordring. Derfor styrker vi kampen mot antibiotikaresistens i norsk matproduksjon, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

 Medan mange andre land må leve med resistente bakteriar i svinehaldet, vil vi gjere alt som står i vår makt for å forhindre at slike bakteriar får fotfeste hjå oss, seier  Jon Georg Dale.

Bruk av antibiotika og funn av resistens i husdyrhaldet i Noreg er blant dei lågaste i verda. Mattilsynet gir pålegg om avliving og smittesanering på gardar der  slike bakteriar blir påvist.

Det er etablert ei eiga kompensasjonsordning som skal dekke deler av produksjonstapet for bønder som må slakte ned buskapen. Ordninga er nyleg forbetra og utvida.   

Det er stadig fleire bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika;  dei er antibiotikaresistente. Dette kan få store konseskvensar for folkehelsa ved at infeksjonar som i dag er relativt enkle å behandle med antibiotika kan bli svært alvorlege. Årsaka til resistensen er overforbruk og feil bruk av antibiotika til folk og dyr. 

Nytt forsøksveksthus i Rogaland

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 18,5 millionar kroner til nytt forsøksveksthus ved Norsk institutt for bioøkonomi si avdeling på Særheim, Klepp kommune  i Rogaland. 

 Det nye veksthuset på Særheim skal medverke til at vi har eit oppdatert og sterkt forskingsmiljø som kan vere med å utvikle veksthusnæringa vidare, seier  landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

 Veksthusnæringa utgjer åtte prosent av produksjonsverdien i norsk landbruk. Det er like mykje som korndyrkinga, seier Dale.

– Rogaland er det leiande fylket. Veksthusnæringa i dette fylket omset for i underkant av ½ milliard kroner per år og har over 500 årsverk. Næringa har ei rivande utvikling og er i ein marknad med sterk vekst, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Dagens veksthus på Særheim er frå 1988 og er ikkje lenger eigna for framtidsretta forsking for norsk veksthusnæring.

Rogaland har den siste tida mista mange arbeidsplassar innan oljenæringa. Tiltaket på Særheim vil også gje ein positiv sysselsettingseffekt i byggje- og anleggsbransjen. Gjennomføring av tiltaket kan starte allereie i 2016. 

Veksthus for tomater.
Veksthus for tomater. Foto: Torbjørn Tandberg

Innovasjonsselskap for kunnskapsmiljøa på Ås

Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til at Norsk institutt for bioøkonomi får kjøpe aksjer for inntil 500.000,- kroner i eit planlagt innovasjonsselskap på Ås.

– Dette selskapet skal vere eit bindeledd mellom kunnskapsmiljøa på Ås og næringslivet, og såleis medverke til å skape ny verksemd og arbeidsplassar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Regjeringa gjennomfører nå store investeringar i nye bygg, utstyr og kunnskapsutvikling på Campus Ås. Dette gir grunnlag for vidare satsing på bioøkonomi og det grøne skiftet. 

Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS

I samband med eigarskapsmeldinga, vurderte regjeringa statens eigarskap i Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO) som reint forretningsmessig. Forvaltninga av statens eigarandel i VESO vart derfor frå 1.1.2016 overført frå Landbruks- og matdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Remi Thoresen/07 Media